«Med all kjærleik øydelegg ein hat og homofobi»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nettserien «Jævla homo» blei publisert for fyrste gong på NRK i haust. Det er ikkje sjølvsagt at alle har fått med seg denne serien – men det er ein sterk oppfordring og anbefaling frå meg til alle dykk. Ikkje minst ein oppfordring til dei som ikkje har så mykje kunnskap rundt  homofili. Og gjerne til dei fordomsfulle. Personleg synst eg ikkje denne serien har fått nok skryt enno. Ein får sett seg inn i korleis det er å leve i LHBT-miljøet, korleis andre oppfattar homofili og kor utruleg viktig dette temaet er å snakke høgt om. Fordommane er mange når det kjem til LHBT-personar.

For det fyrste blir sex av mange forbundne med onanering, lakk og lær og ekstreme seksuelle aktivitetar. Nokre kan ikkje tenke seg at homofile, som heterofile personar, har sex for nærleiken og kjærleiken si skuld. For nokon er det absurd å i det heile tatt førestille seg at det er mogleg. Sex er gjerne eit tema med tabu, men sex er sex seier no berre eg, heterofil eller skeiv. Ein fin ting å dele med nokon ein er ekstra glad i.

Det å vera homofil er også forbunde med å vera ekstra feminin når det kjem til menn og ekstra maskulin når det kjem til kvinner. Det treng ikkje alltid vera det som er tilfellet heller. Eg får fleire gongar høyre at «ein kan sjå på personens utsjånad om ein er homofil eller ikkje». Det er jo sjølvsagt nokon som tenkjer at dei får fram legningen sin tydlegare ved å klippa håret kort, ta piercingar og kle seg meir maskulint eller feminint. Og det skal dei få lov til. Men for nokon blir dette også kanskje oppfatta som eit krav for å vere synleg homofil, noko eg synst er dumt. Ein skal kunne få  framstille seg sjølv og legningen sin akkurat slik ein føler for. I serien «Jævla homo» blir det blant anna stilt opp ei rekke folk, nokre med meir feminin og maskulin utsjånad enn andre, der Gisle skal tildele lappar med ordet «skeiv» eller «hetero». Her ser ein kor raskt fordommane kjem til syne, då han går for utsjånaden.

Nokre synest også at LHBT-personar gjer så mykje ut av seg. At det blir for mykje med feiringar og paradar, regnbogeflagg og glitter. At det blir for mykje å kyssa kjærasten sin på gata, at det blir for mykje å visa fram skeiv kjærleik for offentlegheita. Nokre meiner at ein skal halde tilbake, for ein veit jo aldri korleis folk reagerer. Ein kan trass alt bli spytta på, slått, bli bomba med skjellsord og glodd ned på. Det er nettopp difor ein som homofil ikkje skal halde tilbake. Fortsett å kyssa kjærasten din, hald hender på gata og ver stolt over legningen din. Og fortsett å feire den. Med all kjærleik øydelegg ein hat og homofobi. Eg slår eit slag for den mangfaldige kjærleiken.

LES OGSÅ: – Utruleg trist at så mange bruker homoskjellsord!