Difor bør syttenåringar både få lov til å stemme og å gifte seg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg var sytten år gammal var eg svært politisk interessert. Eg las det eg fann, diskuterte med folk, såg på debattar og saug inn alt eg kunne. Det var EU-val det året, og eg ville gjere det rette valet for landet, det eg kunne for å få Noreg inn i det eg såg på som fredsprosjektet EU. Men det fekk eg ikkje lov til.

Du måtte vere atten år for å stemme. Eg sat der og såg på at andre på skulen og på tettstaden nekta å lytte til noko argument, og hadde få å kome med sjølve, men stemme skulle dei, og propaganda mot EU skulle dei lage. Eg fann det så urettvist at eg ikkje hadde rett til å vere med på å avgjere noko som eg meinte ville vere avgjerande for landet i lang tid etter. I denne saka hadde ikkje mi stemme hatt noko å seie, det vart tidleg klart: På Fræna Vidaregåande Skule var det over 80 prosent nei og i fylket mitt, Møre og Romsdal, var det 61 prosent nei. Men eg er framleis trist over at eg ikkje fekk stemt etter overtydinga mi den gongen.

Jeanne d`Arc leia hærar då ho var sytten år. Foto: Tony Bowden/Flickr/CC-lisens.

Etter dette fekk eg ei klar og prinsipiell overtyding om at atten berre er eit tal, og ikkje noka magisk grense som gjev oss visdom og klarsyn. Eg visste eg hadde meir kunnskap om politikk en dei fleste nittenåringar eg hadde møtt som syttenåring, og var sikker på at andre kunne ha liknande erfaringar om andre ting på andre felt. Etter å ha studert historie, fann eg òg ut at ei rekke historiske heltar var yngre enn myndigheitsalderen vi har i dag, Jeanne d`Arc leia hærar då ho var sytten, Picasso måla store oljemåleri før han var seksten, Mozart komponerte symfoni og opera før han var tretten, og lista er endelaus.

Fleire og fleire vil ha stemmerett for sekstenåringar no. Fleire prøveordningar har synt at når dei får lov, stemmer dei, og dette styrker klart demokratiet generelt òg, ettersom folkestyre overalt er avhengig av at flest mogleg både kan og vil ta del i det.

På den andre sida har det òg kome forslag om å fjerne retten å fjerne retten til giftarmål for sekstenåringar. På dette området skal dei ikkje vere vaksne likevel. Det meiner eg blir feil.

Eg skjøner jo sjølvsagt at det ikkje er mange det gjeld uansett, og at det krev løyve frå fylkesmann. Men eg meiner at ein sekstenåring i prinsippet både skal få lov til å stemme ved alle val, køyre bil, drikke øl, vere saman med dei dei vil vere saman med og det meste anna ein person kan velje å gjere, utan at samfunnet skal hindre dei i det.

Eg vil rett og slett ikkje at nokon skal kjenne det slik eg gjorde då eg var sytten.