Regjeringa foreslår totalforbod mot barneekteskap
Regjeringa vil fjerne regelen som gjer det mogleg for 16- og 17-åringar å søke om dispensasjon til å gifte seg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg ønsker at 18-årsgrensa for å gifte seg i Noreg skal vere absolutt. Sjølv om det er veldig få under 18 år som har fått dispensasjon til å gifte seg i Noreg dei siste åra, vil dette forbodet sende eit viktig signal utanlands om at vi ikkje aksepterer at mindreårige gifter seg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp).
Tidlegare har både Høgre og Arbeidarpartiet gått inn for å fjerne unntaksordninga.
For at mindreårige skal få inngå ekteskap, må foreldra samtykke og fylkesmannen må gi løyve. I fjor fekk ingen av fylkesmennene slike søknader.
Regjeringa foreslår også å stramme inn og klargjere reglane for godkjenning av utanlandske ekteskap.
– Reglane om godkjenning av utanlandske ekteskap er kompliserte, og det har vore uklart kvar grensene går for kva ekteskap norske styresmakter skal godkjenne, skriv regjeringa.