Barneombodet: – 16-åringane har gjort seg fortent til stemmerett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 16-åringane fortener stemmerett

Lindboe meiner valdeltakinga blant 16- og 17-åringane ved valet i år tilseier at dei unge bør få permanent røysterett. Valdeltakinga til dei unge låg på 57 prosent, litt under befolkninga elles.

– Ungdommar ønskjer å vere med å bestemme kven som skal styre lokalt, dei sit på mykje kunnskap om kva som verkar og ikkje verkar i kommunen, seier Lindboe.

– Om 16-åringar får røyste må politikarane ta ungdom på alvor i større grad enn i dag, legg ho til.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande når me får stemma

– Modne nok
Lokalvalet i år var det andre røysterett for 16- og 17-åringar blei prøvd ut i 20 kommunar. Første gong var lokalvalet i 2011.

På Stortinget er det berre Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne som vil gje ungdomane røysterett. For MDG sin del berre ved lokalval.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i Venstre meiner dei to forsøksrundane bør ha overtydd dei andre partia om at 16-åringane er modne nok til å røyste.

– 16-åringar er ferdig med obligatorisk utdanning, dei kan stifte familie, dei betaler skatt og er omfatta av så mange politiske vedtak i samfunnet at det er heilt naturleg at dei får lov til å påverke dei, seier Rotevatn til NTB.

Ikkje konkludert

Ei kartlegging NTB har gjort viser at ingen andre parti førebels har tatt stilling til om prøveprosjekta tilseier at røysterettsalderen bør ned.

– Når det gjeld val er vi relativt konservative, men det er naturleg at alle parti ser på dette med nye auge når ein har hatt to forsøk, seier Helge Andre Njåstad (Frp) i kommunal- og forvaltingskomiteen, til NTB.

– Personleg synest eg det er fornuftig at ein følgjer myndigalderen, men her er det ulike synspunkt i partiet. Det kan kome ein debatt i partiet fram mot neste val, seier KrFs representant Geir Sigbjørn Toskedal.

 Frå Sp, Ap og Høgre er tilbakemeldinga at dei må gå gjennom resultata frå valet i år, og at dei ikkje har konkludert.

Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet er meldinga at regjeringa ikkje vil ta stilling til saka før evalueringa er klar i november til neste år

LES OGSÅ: Lågare valdeltaking blant 16- og 17-åringane i Luster

Delte ungdomsparti
I ungdomspartia er meiningane delte. AUF har i fleire år ønskt å senke røysterettsalderen og trur dei nå vil få morpartiet til å snu i saka.

– Vi meiner valdeltakinga i år styrkjer argumenta for å innføre lågare røysterettsalder. Arbeidarpartiet har alltid gått føre i demokratireformer. Difor er vi overtydd om at vi kjem til å få med morpartiet i denne saka, seier AUF-leiar Mani Hussaini.

Senterungdommen held døra på gløtt.

– Til no har vi vore for å halde på røysterettsalder på 18 år, men vi er spente på å sjå evalueringa av forsøket i år. Når den kjem reknar eg med vi tek ei ny evaluering av vårt standpunkt, seier leiar i Senterungdommen, Erling Laugsand.

FpU, KrFU og Unge Høgre vender derimot tommelen framleis ned:

– Vi meiner røysterett bør følgje myndigalder. Det er eit viktig prinsipp at før ein har styresmakt over eige liv skal ein heller ikkje vere med på avgjerder om andre sine liv, seier FpU-leder Atle Simonsen.

Regjeringa vil vente på evalueringa etter forsøket med røysterett for 16-åringar før ho konkluderer om røysterettsalderen bør senkjast eller ikkje. (©NTB) (©NPK)

LES OGSÅ: Skuffa over 16- og 17-åringane