Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragna (16) vil endre norsk lov

I haust leverte Plan Ungdom 9000 underskriftar mot barneekteskap til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Ein av dei var Ragna Engseth (16) frå Vestby. Ho er ungdomsambassadør hjå Plan og har deltatt på årets aksjon mot barneekteskap.

Heile sommaren har dei 40 ungdommane, som kallar seg «wedding-busters», samla inn underskriftene. Det byrja med at dei såg Aftenposten-serien Stuck.

— I serien ser du wedding-busters i Bangladesh og i India. Dette er ungdommar som stoppar barneekteskap. Vi blei inspirerte og vil skape merksemd rundt barneekteskap, fortel Ragna.

Kan gifte seg, men ikkje kjøpe nasespray

I Noreg er det lov å gifte seg som 16-åring dersom du har samtykke frå foreldre og fylkesmannen. Det synest Ragna er feil.

— Det er rart at du i Noreg kan få lov til å gifte deg før du har lov til å kjøpe nasespray. Som 16-åring er du jo eit barn. Barneekteskap er ikkje eit stort problem i Noreg, men vi ser på oss sjølve som forbilde i kampen mot barneekteskap, og bør jo då stå fram som eit godt døme.

Regelen om at ein må vere 18 for å gifte seg utan samtykke har eksistert sidan 1969. Før dette måtte menn ha fylt 20 år, og kvinner 18. Mellom 1687 og 1918 var aldersgrensa 16 for kvinner og 20 for menn, og i middelalderen var ho, etter påverknad frå kyrkja, høvesvis 12 for kvinner og 14 for menn.

— Før ei lovendring i 2007 kunne fylkesmannen gje løyve til ekteskap, sjølv om personen ikkje hadde fylt 16 år. Det var likevel lite aktuelt i praksis: I perioden 2000-2006 kom det kun inn ein slik søknad til alle fylkesmenn i landet, og den søknaden vart avslått, seier jusprofessor  Thomas Eeg ved Universitetet i Bergen.

Johanne Ostad i brudekjole. Bilete vart teke under brevinnsamling på Dahlske videregåande skule. Foto: Plan Norge

Graviditet viktig årsak

Lova som opnar for at umyndige personar kan gifte seg med samtykke frå foreldre og fylkesmann, har eksistert lenge. Professoren trur at graviditet har vore ei viktig årsak.

— Den alminnelege årsaka til slike søknadar er at den umyndige jenta er gravid. Dette heng saman med motstand mot abort eller tanken om at barnet helst bør bli fødd inn i eit ekteskap. Det har gjerne vore sosial fordømming å føde barn utanfor ekteskap, noko som barnet sjølv fekk lide for.

— Kva skal til for at ein umyndig person kan gifte seg i Noreg?

— Det skal vere sterke grunner som ligg til vurderinga. Ulike faktorar som modnad, den andre parts forhold, høve for økonomisk støtte og graviditet spelar inn. Lova skal motvirke tvangsekteskap og seier at ekteskap skal inngåast av fri vilje. Ekteskap som ikkje er inngått frivillig kan blir erkjent som ugyldig, seier professoren.

— Ei prinsippsak

Sjølv kjenner ikkje Ragna nokon som er trulova eller gifte på sin eigen alder. Ho trur dei fleste ønskjer å vente, både i Noreg og i andre land, der barneekteskap er meir vanleg.

— Då vi besøkte fylkesmannen i Oslo og Akershus blei vi fortalt at berre tre ekteskap med partar under 18 hadde blitt godkjente dei siste fem åra. Eg ser på denne kampanjen som ei prinsippsak, seier ho.

Barneekteskap er eit stort problem på verdsbasis, og eit av berekraftsmåla til FN. Målet er at barneekteskap er eliminert innan 2030. Då Plan gjorde ei undersøking for å finne ut om nordmenn visste at 16- og 17-åringar kunne gifte seg her heime, var resultatet overraskande: Berre fire av 10 var klare over dette.

— Dette har nok samanheng med at det er få som giftar seg før dei har fylt 18 år. Samtidig er over 9000 ungdommar kritiske til lova og har signert protestbrev. Når menneska denne lova gjeld seier så klart i frå, meiner eg vi bør høyre etter, seier Anna Kvarberg Ekre i Plan Norge.

Madelen Howard, Anine Schwarz, Elias Fridal Trones, Ragna Marie Engseth og Adrien S. Lenerand. Foto: Plan Norge

Barn sine rettar

Ekre fortel at Malawi tidlegare i år fekk eit absolutt forbod mot barneekteskap, kjempa fram av ungdommar. Dette har vore til stor inspirasjon for ungdomsoppropet i Noreg denne hausten.

— Barneekteskap har vorte ei av vår tids viktigaste kvinnesaker, men korleis skal vi fordømme andre land når vi tillet det sjølv? Det er inga grunn til at ein skal kunne gifte seg før ein er 18 år. Sjølv om det er få tilfelle i Noreg, bør vi vere eit føregongsland og ikkje ein bremsekloss for barn sine rettar, seier Ekre.

Ragna skal halde fram med oppropet heilt til lova blir endra.

— Dette er berre starten, seier ho.

Fakta barneekteskap

 

  • Kvart andre sekund vert ei jente gift som barn
  • Barneekteskap hindrar utdanning, likestilling og økonomisk vekst
  • Barneekteskap skal eliminerast innan 2030 etter FNs berekraftsmål
  • I Noreg kan 16-åringar gifte seg ved samtykke frå foreldre og fylkesmann
  • Barneekteskap er likevel eit lite utbreidd problem i Noreg