Den nye LNU-leiaren, Rode M. Hegstad, er overtydd om at ungdom kan redde verda.

Faktaboks

Alder: 23 år 

Frå: Sandefjord

Studerer: Går profesjonsstudiet i psykologi ved UiO 

Favorittfag på skulen:  Historie 

Første verv: Elevrådsrepresentant i 8.klasse 

Medlem i: FriBU (Frikirkens barn og unge), KrFU og Changemaker

Kva gjer du i fritida/hobby: Går tur i marka, bakar og brukar tid med gode vener og familie. 

LES FAKTALUKK FAKTA

Førre helg vart Rode M. Hegstad valt til ny leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), ein paraplyorganisasjon for 98 ungdomsjonar med over 450 000 medlemmer tilsaman.

Dei to neste åra skal 23-åringen frå Sandefjord jobbe fulltid for å betre kåra for unge frivillige i Noreg. Me har spurt Rode M. Hegstad korleis engasjementet starta og kva som vert dei viktigaste sakene framover.

– Kvifor er det bruk for LNU i Noreg?

Som paraplyorganisasjon for 97 barne- og ungdomsorganisasjonar har LNU ein unik posisjon til å fremme interessa til heile den unge frivilligheita. Vi jobbar for frie midlar slik at organisasjonane kan drive med dei aktivitetane barn og unge sjølv ønskjer. I tillegg gjer LNU ein viktig jobb med å fremme barn og unge si deltaking i demokratiet. 

– Kva er dei viktigaste sakene dykkar i 2017?

Éi av dei viktigaste sakene for LNU i 2017 er å jobbe for at fleire unge stemmer ved stortingsvalet. Vi veit at unge under 30 er underrepresentert på Stortinget. Ungdom som gruppe ikkje blir høyrt i mange viktige saker, og det må vi gjere noko med, mellom anna ved å auke talet på unge som stemmer. 

– Kva vil LNU merka av forskjell med deg som leiar?

Eg håpar LNU vil merke at eg er engasjert, har masse pågangsmot og at eg er veldig takksam for tilliten eg har blitt vist. Eg ønskjer at LNU og organisasjonane skal stå endå sterkare om to år enn dei gjer i dag og eg har nokre tankar om korleis vi kan få det til. 

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg er engasjert fordi eg trur at ungdom kan forandre verda. Eg blir sint av urettferd, sånn har eg vore sidan eg var liten. Også har eg alltid vore glad i å diskutere ting eg synest er urettferdig. Det var mamma som føreslo at eg skulle ta med meg engasjementet mitt og melde meg inn i eit ungdomsparti for å gjere noko med problema eg såg, heller enn å berre diskutere med familien rundt middagsbordet. 

– Kva er hjartesakene dine?

 At barn og unge skal bli høyrt i samfunnet og inkludert i politiske prosessar. Og at vi som barn og unge får reell makt og ikkje berre er symbolske deltakarar. Politikk er altfor viktig til å overlate til dei vaksne. 

– Kva er idealsamfunnet?

 Eit godt skritt i riktig retning vil vere å oppfylle Barnekonvensjonen for alle barn, uansett kor dei er fødd. 

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til studentar som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Vi kan sikre at meininga til alle unge blir høyrt ved å inkludere enda fleire barn og unge i våre fellesskap i barne- og ungdomsorganisasjonane. Vidare er det også viktig å skape gode strukturar som sikrar barn og unges rett til medverknad lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Også kan ein jobbe med å auke valdeltakinga blant unge. Det å stemme ved valet er viktig fordi det påverkar kven som styrer landet og kva saker dei jobbar for. Det er også viktig fordi dersom fleire unge stemmer blir ein ei viktigare veljargruppe for partia og kan derfor lettare bli høyrt.

LES OGSÅ: Den nyvalde Press-leiaren, Øystein Kolstad Kvalø, vert forbanna når barn ikkje får rettane sine oppfylt.


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE