Nyttar sin eigen hund som forsøksobjekt

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brukar eigen hund som forsøksobjekt

– Ho er veldig glad i kjøt, så det vart ein nedtur etterpå då ho berre fekk tørrfor, fortel Kristin Herstad, stipendiat ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Veterinærhøgskolen v/ Adamstuen i Oslo.

Ho har nytta sin eigen hund som forsøksdyr for å undersøke korleis kjøt påverkar tarmfloraen. Forsøket gjekk ut på å gje ti år gamle Wilma ulikt fôr og så kartlegge bakteriane i avføringa.

– Hundar er jo opphavleg rovdyr, så dei toler fint å ete kjøt, forklarer eigaren.

Målet med forskinga er å bidra til å kartlegge korleis mat påverkar tarmen hos dyr, og kva rolle tarmbakteriane spelar for å gjere dei friske eller sjuke.

LES OGSÅ: Noregs mest populære hund

Tarmbakteriar og sjukdom
Eit vestleg kosthald inneheld mykje kjøt, salt og sukker, og ikkje tilstrekkeleg med fiber. Hos menneske trur ein at tarmfloraen er involvert i utvikling av sjukdomar som diabetes, betennelse i tarmen og kreft, forklarar Herstad.

Ho vil forstå meir av korleis maten vi et påverkar tarmfloaren vår og kva konsekvensar slike endringar kan få.

Hundar får sjeldan tarmkreft, men når det av og til skjer, har tidlegare forsking vist at det er cellulære likheitstrekk mellom kreftsvulstar hos hundar og menneske. Difor er hundar relevante forskingsobjekt. Første steg i å forstå meir er å kartlegge om tarmfloraen endrar seg når hundane går frå ein fiberrik til ein kjøtrik kost.

– Vi ville ha dedikerte eigarar og hundar som bur i Oslo-området, så då var det enklaste å rekruttere hundar som kollegaene her på Veterinærhøgskolen eig, fortel Herstad.

Alle hundane fekk den same typen diett, og starta med to veker tørrfôr. Over dei neste tre vekene fekk hundane auka mengde kjøt i maten. Den første veka vart 25 prosent av energibehovet dekt av kokt kjøttdeig, deretter 50 prosent, og så 75 prosent. Til slutt fekk hundane to veker med det vanlege tørrfôret. Herstad samla avføringsprøvar frå dei tre siste dagane av kvar periode, totalt 15 prøvar for kvar hund.

I forskingsprosjektet har ho inkludert elleve hundar av ulike rasar, men fortel at ho helst skulle ha sett at talet var høgare.

– Nokre måtte utgå frå studien fordi dei fekk diaré, og eg ville unngå å studere effekten av diaré på tarmen, forklarar ho.

Møt Fredrik som forskar på kvifor trekkhundar vert lame i bakbeina


Wilma er ein 10 år gamal Engelsk springer spaniel. Foto: Åsmund H. Eikenes

Endra tarmflora
Forskarane analyserte DNA-et frå bakteriane i prøvane for å sjå korleis tarmfloraen endra seg. Slike analysar gir eit bilete av kva for bakteriar som er tilstades i tarmen, samt ein oversikt over kva typar bakteriar det er flest av.

– Hovudfunnet er at samansettinga av tarmbakteriar endra seg når 75 prosent av dietten til hundane vart dekt av kjøttdeig. Vi hadde håpa at det var mogleg å sjå endringar tidlegare, seier Herstad.

Ho forklarar at det vart mindre variasjon mellom bakteriane i tarmen når kjøttmengdene auka, og at nokre typar bakteriar opptok ein større del av floraen. Då hundane til slutt fekk tørrfor etter alle kjøtmåltida, gjekk tarmfloraen tilbake til slik den var før eksperimentet starta.

LES OGSÅ: JJ Debenham forskar på parasittar i avføring

Endringar i dietten
Tidlegare forsøk har gått ut på å variere eitt og eitt element i kosten. Herstad tek ei meir heilheitleg tilnærming til kva hundane et, ei tilnærming som liknar korleis menneske endrar kostholdet sitt; mindre av noko og meir av noko anna.

– No gjer vi ein totalendring av heile dietten, så då må vi vere litt meir forsiktige med å konkludere. Det er heile diettendringa, midre fiber og meir kjøt, som er årsaka til endringa i tarmfloraen, og vi kan ikkje seie at det er kjøtet som er årsaka. Kanskje er det fråveret at mykje fiber som er den eigentlege grunnen, undrar ho.

Herstad understrekar at DNA-analysane heller ikkje kan seie noko om kva funksjon dei ulike tarmbakteriane har. Ei anna utfordring er at hundane berre har ete kjøt i korte periodar, og det er ikkje sikkert at endringane Herstad har observert er stabile eller permanente.

Resultata hennar gir informasjon om kva tarmbakteriar som er tilstades i tarmen, samt nokre indikasjonar på korleis tarmfloraen endrar seg når dietten endrar seg. Herstad har fleire idear til korleis ho og andre kan følgje opp resultata ho har fått så langt.

– No veit vi kven som er der. Neste steg er å finne ut av kva bakteriane gjer der.

Interessert i genteknologi? Les om revolusjonen på labben

Faktaboks

Namn: Kristin Herstad

Stilling: Stipendiat ved NMBU Adamstuen

Forskingsprosjekt: Samanheng mellom mat, tarmbakteriar og sjukdom hos hund.

Dings: Hunden Wilma