Hunden stammar frå Asia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 15.000 år seinare spreidde dyra seg til andre delar av verda og vart husdyr, skriv Videnskab.dk.

Tidlegare forsking har tydd på at hunden først vart domestisert i Europa eller Midtausten, men den nye gjennomgangen av arvestoff frå nolevande hunderasar frå heile verda, inkludert Søraust-Asia, fortel ei anna historie, ifølgje ein av forskarane bak studien, evolusjonsgenetikar Peter Savolainen ved KTH – Skolan för bioteknologi i Stockholm.

– Det nye ligg i at vi har sekvensert heile genom, og at prøveemna denne gongen gir ei betre geografisk dekning enn ved tidlegare undersøkingar. Så sjølv om det framleis skal meir arbeid til, er eg 95 prosent sikker på at det er her hundane skilde seg frå ulvane, seier Salvolainen.

Det som er heilt sikkert, er at ein eintydig konklusjon om opphavet til hunden må vente til forskarane får fatt på prøver med ekte førhistorisk DNA.

LES OGSÅ: Har du fått med deg siste apenytt?