Noregs mest populære hund

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

Norsk kennelklubb har publisert sin statistikk over registrerte hunderasar i Norge for 2016.

Hunderasane på toppen av registreringsstatistikken er i stor grad aktive hundar og jakthundar, noko som speglar det aktive livet folk lever i Norge.



Landets aller mest populære hund er arbeidsjernet border collie.

Det er tredje gong hunden med dei allsidige brukseigenskapane og den store arbeidslysta troner øvst på statistikken. Også i 2013 og 2014 kunne border collien smykke seg med tittelen «Norges mest populære hund».

Det er mange grunnar til at denne rasen forsvarer sin topplassering.



– Border collien er ein gjetarhund, og dei allsidige brukseigenskapane gjer at den eignar seg for aktive hundeeigarar, som kan gje den nok fysisk og mental stimulering. Dette er ein hund med stor kapasitet. Har du planer om å satse på lydigheit eller agility, eller har behov for border collien sine eigenskapar som gjeter, er dette ei rase som kan passe deg, seier administrerande direktør Trine Hage i Norsk kennelklubb i ei pressemelding.



På andreplass på statistikken ligg norsk elghund grå, og er dermed den mest populære av våre sju norske raser. På tredjeplass på statistikken finn ein staffordshire bull terrier, ein populær familiehund. 



Lista over dei 25 mest populære hunderasene finn du her.

Les fleire hundesaker her!


 Norsk elghund grå ligg på andreplass på statistikken. FOTO: ARVE DANIELSEN/ARKIV

Faktaboks

Dei mest populære hunderasane i Noreg:

1. Border collie

2. Norsk elghund grå

3. Staffordshire bull terrier

4. Engelsk setter

5. Golden retriever

6. Schäferhund normalhår

7. Labrador retriever

8. Cavalier king charles spaniel

9. Jack russell terrier

10. Pomeranian

11. Gordon setter

12. Shetland sheepdog

13. Cocker spaniel

14. Irsk setter

15. Dansk-svensk gårdshund

16. Flat coated retriever

17. Chihuahua langhåret

18. Bichon havanais

19. Rottweiler

20. Tibetansk spaniel

21. Fransk bulldog

22. Jämthund

23. Finsk lapphund

24. Chihuahua korthåret

25. Siberian husky

Kjelde: Norsk kennelklubb