Kvar er din hund i det nye slektstreet?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei er hårete, lystige, og elskar å hente. Dei sleikar deg i fjeset og gir labb på kommando. Dei er prisvinnande kjæledyr som elskar å gå tur. Dei er menneskets beste ven.

Hundar kjem i alle fargar og fasongar: Ein Grand Danois kan bli større enn ein ponni, og ein Pointer MÅ gå på tur kvar einaste dag. Ein gravid Chihuahua treng menneskeleg fødselshjelp, og den flekkete nabolagsmiksen simulerer sex med plastkyllingen medan gjestane rundt middagsbordet rødmar om kapp. Kven er raringane som ikkje likar hundar?!

Men sjølv om hundane er ein integrert del av mange menneskefamiliar, så er det er mykje vi ikkje veit. Til dømes: Korleis har avl og globalisering endra dei ulike rasane dei siste tusen åra? Og kan DNA frå hundar vere til hjelp for kreftforskarar?

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest populære hunderase

1346 hundar som bjeffar
For å få svar på dette har forskar Heidi Parker ved det amerikanske folkehelseinstituttet (NIH) analysert DNA frå 1346 hundar. Resultatet er eit stort kart som viser slektskapet mellom 161 ulike hunderasar, fordelt på 23 familiar.

Slik ser den nye oversikten ut, med nokre utvalde hundar på sin plass:

Dette er første gang at så mange hunderasar har blitt inkludert i ei slik kartlegging, og funna vart publisert i Cell Reports denne veka. 

Parker og kollegaene hennar trur no at hundar har hatt to bølgjer av utvikling. For tusenar av år sidan vart hundane avla fram for eigenskapane sine, medan moderne avlsprogram i hovudsak har fokusert på fysiske trekk. Det gjer at hundar som liknar, eller har like oppgåver, ikkje alltid er nærast i slekt med kvarandre.

– Ein skulle tru at alle arbeidshundar eller alle buskapshundar er i slekt, men det er ikkje tilfellet, seier Parker til tidsskriftet Nature.

LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd

Ny kunnskap om slektskap
I 117 av hunderasane fant forskarane genetiske bevis for blanding mellom rasar. Forskarane hadde forventa eit enno meir omfattande nettverk av genetisk utveksling, men fann berre mindre genetiske fellestrekk mellom hundar på tvers av slektstreet.

Konklusjonen deira er at blanding mellom hunderasar ikkje har skjedd som fri flyt, men istaden har blitt utført med mål om å overføre eit trekk frå ein rase til ein annan.

Slektstreet kan også nyttast for å rekne ut når ulike rasar skilde lag. Til dømes fortel dei genetiske skilnadene mellom golden retriever og flat coated retriever at dei to rasane oppstod i 1895. Årstalet er ein god match til dei skriftlege kjeldene som indikerer at dei to rasane vart til i perioden 1860-1890.

Hundar i kreftforsking?
Parker arbeider i forskingsgruppa til Elaine Ostrander, der teamet forskar på genetikk og prostatakreft. Dei nyttar både hundar og vevsprøvar frå menn med kreft i arbeidet sitt.

På heimesidene sine skriv Ostrander at kvar av hunderasane bidreg med ein mindre (men meir forståeleg) del av det genetiske samspelet som ligg bak komplekse sjukdommar som kreft. Målet er at store genetiske kartleggingar skal bidra til å finne kva gen som gjer at folk, og hundar, vert sjuke.

LES OGSÅ: Nyttar sin eigen hund som forskningsobjekt


Dyrlege Kristin Herstad får hjelp av hunden Wilma til doktorgradsprosjektet sitt.