Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

— Meg og Guro ville lage eit program om språk, men vi tenkte at to stykk var for få. Så i forbifarten på ein fest sa eg til Ulrik at han måtte vere med, fortel UiB-student Maria Gunnarsdotter Svedal (23).

— Ja, det var ikkje eit spørsmål, meir ein ordre, ler Ulrik Øen Johnsen (21).

Etter Ulrik fekk gruppa med seg Øystein Sandve (23), som tidlegare hadde vore medlem i Norsk Målungdom. Dei visste at han kunne prate, og det er ein fordel i radio. No har kvartetten, som kallar seg Ordskifte, radiosending kvar laurdag. Dei er ein av 26 radioprogram ved Studentradioen i Bergen.

—Det er utruleg gøy, og vi kan snakke om språk i timesvis, fortel Maria. Medan Maria, Guro og Øystein alle studerer språk, er Ulrik økonomistudent på BI.

— Med Ulrik får vi eit mannen-i-gata-perspektiv, seier Maria, som sjølv studerer engelsk og tidlegare har tatt fag i nordisk.

— Vanleg med skrivefeil

Ordskifte blei etablert i vår og fekk innpass i Studentradioen etter at dei sende inn ei pilotsending. No går dei i studio kvar onsdag for å diskutere alle sin største lidenskap.

— Det vi har felles, er at alle har ei stor interesse for språk. Vi ønskte å skape ein samtale om finurlege språkfenomen. Det skal ikkje vere ei forelesing eller noko doserande, men gøy og lærerikt, seier Maria.

Gruppa meiner at det er mange misforståingar rundt språket. I kvar sending tar dei opp vekas skrivefeil. Ikkje for å henge ut folk, men for å vise at det finst mange vanlege skrivefeil.

— Det er heilt vanleg med feil. Vi ser også at språket endrar seg mellom generasjonar. Våre besteforeldre seier gjerne sjø rett ut, medan dei yngre uttalar sjø med sh-lyd.

— Språk blir stadig rekonstruert og forenkla. I gamledagar sa dei gjerne kem, no seier vi kjem, fordi det er enklare å uttale. Språk utviklar seg heile tida, og det er heilt naturleg, seier Ulrik.

Øystein skyt inn:

— Folk bryr seg veldig om feil i språket. Men det er lite som eigentleg er feil. Vi har ingen retningslinjer for talespråk i Noreg. Likevel er måten vi snakkar på ofte veldig personleg for folk.

Ordskifte i studio. Foto: Elise Løvereide

— Ligg mykje identitet i språk

Ordskifte har tatt opp språk og omsetjing av litteratur, og dessutan diskutert korleis dialekter og sosiolekter påverkar identiteten vår. Ulrik trur det ligg meir bak språk enn at det berre er ein reiskap for å kommunisere.

— Måten vi snakkar på seier ein del om sosioøkonomisk identitet. I dei finare strøka i Bergen, Fana og på Kalfaret, seier folk ofte jeg og meg i staden for eg. Dette er på veg tilbake blant den yngre garde, seier han.

Alle har ein dialekt

Ulrik er sjølv frå Bergen, medan Øystein er frå Klepp, Maria er frå Sogndal og Guro er frå Namsos. Gruppa ser på det som ei styrke at alle har ulike dialektar, og at halvparten skriv nynorsk.

— Alle har ein dialekt, men vi har fått høyre at Oslo-folk meiner at dei sjølv ikkje har det. Somme seier også «du snakkar nynorsk», men det stemmer jo ikkje, seier Øystein.

— Barne-TV har kanskje òg blitt flinkare til å inkludere fleire dialektar?

— Det trur eg. Det er rart korleis vi knytt ulike karaktertrekk til ulike dialektar. Til dømes er bergensaren og nordlendingen oftare banditt eller tulling, medan dei med Oslo-dialekt er dei gode, peiker Ulrik på, og nemner Snøfall og Istid.

– Podcast er framtida

I kvar sending har Ordskifte ein intern konkurranse. Den som tapar må avslutte sendinga på ein annan dialekt enn sin eigen. Det er berre noko av det Ordskifte-gjengen bruker 10 timar i veka på. Men gjengen har førebels ingen oversikt over lyttartala.

— No skal vi satse litt på podcast, sidan det er framtida. Podcast er radio som alle kan laste ned gratis. Folk vil lytte når det passar dei best. Fordelen med lyd er at du kan gjere andre ting samtidig, seier Maria.

Radio på nett

Etter at FM-radio har blitt erstatta av DAB, har Studentradioen generelt fått betre lyttartal. Studentradioen er ein av dei få som ikkje har byta til DAB enno, og fordelen er at mange bilistar ikkje har gjort det same.

— Det er dyrt å leggje om til DAB, og vi tenkjer å gå over til nettradio i staden. Fordelen med podcast er at det er billeg å produsere, at det er reklamefritt og at vi kan fange opp unge som har slutta å lese bøker, seier Ulrik.

No kan du lytte til Ordskifte gratis på her.

Fakta: Ordskifte

  • Eit av 26 radioprogram ved Studentradioen i Bergen
  • Medlemmar er Ulrik Øen Johnsen frå Bergen, Guro Wågan frå Namsos, Øystein Sandve frå Klepp og Maria Gunnarsdotter Svedal frå Sogndal
  • Ny sending blir lagt ut kvar laurdag frå klokka 11 til 12
  • Magnus Apeland er produsent