Ikkje hær verk å rette skrivefeil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Vikebladet.

Mange kjenner nok André Ulveseter gjennom Facebook. For tre år sidan oppretta han sida «Bilder i kampen mot særskriving». Særskriving er når ein deler opp samansette ord i to. No har sida over 174 000 følgjarar. 

På sida syner Ulveseter gjennom bilete den store forskjellen på fiske kake og fiskekake. Eller lage sjef og lagersjef.


Foto: André Ulveseter/Bilder i kampen mot særskrivingsfeil

Dei lokale biblioteka og fylkesbiblioteket sponsa at alle ungdomsskuleelevane i Hareid og Ulstein fekk føredrag med Andre Ulveseter måndag denne veka. Først på dagen var han på Hareid ungdomsskule, deretter på Sjøborg kulturhus.

LES OGSÅ:«Språk er makt – og maktmisbruk?»

Ikkje god i norsk sjølv
Ulveseter fortalde at han ikkje hadde vore spesielt god i norsk på skulen. Han gjekk ut med karakteren G og brydde seg ikkje om rettskriving før han vart 27 år. Då var han så grundig lei av at ein kamerat stadig dreiv og retta på han. Så han lét det gå sport i å bli god. Han las ordbøker og grammatikk. Og etter kvart som kunnskapen kom irriterte han seg over alle skrivefeila han såg rundt seg.


Foto: André Ulveseter/Bilder i kampen mot særskrivingsfeil

– Språket er det viktigaste verktøyet de har, sa han til ungdomane. Å skrive rett handlar om å kommunisere og å bli teke seriøst. Og det ønskjer folk stort sett å bli.

– Gå rundt med tusj
– Eg er utruleg sær, vedgjekk Ulveseter. Han fortalde om korleis han tidlegare gjekk rundt å leitte etter særskrvingsfeil. No ser han dei over alt. Har du først fått augo opp for dette fenomenet er det vanskeleg å la vere å sjå. Han håpte at han fekk opp augo til ungdomane til at dei også ser feila og byrjar le.

LES OGSÅ: Språk i spagaten

– Gå rundt med tusj, gjerne raud. Rett opp plakatar. Det er ikkje hærverk, men norskopplæring, meinte han.

Når ein butikk reklamerer med støvsugarposar i tre ord greier han ikkje ta dei seriøst. Det handlar ikkje om gjere narr av dyslektikarar, for alle gjer slike feil. Alle kan bli betre, men då må ein ta til seg kunnskap og lære av feila ein gjer.


Foto: André Ulveseter/Bilder i kampen mot særskrivingsfeil