Stoikarane visste korleis dei kunne kjempa mot sinne.

Folk vert sinte av alle moglege årsaker, frå dei trivielle (frekke forbikøyringar på motorvegen) til dei verkeleg alvorlege (folk held fram med å døy i Syria, og ingen gjer noko med det). Men for det meste oppstår det av trivielle årsaker. Det er difor American Psychological Association har ein del av nettstaden sin dedikert til å handtere sinne. Det er interessant å sjå at denne seksjonen minner veldig mykje om ei av dei eldste avhandlingane om temaet, Om Sinne, av den stoiske filosofen Lucius Annaeus Seneca i det første hundreåret etter Kristus.

Seneca, romersk filosof i det første hundreåret etter Kristus.
Bilete: Wikimedia.

Seneca meinte at sinne er ei form for mellombels galskap, og at sjølv når det er rettvist, bør vi ikkje handla på grunnlag av det av di, sjølv om «syndene til andre påverkar korleis vi dømmer dei, påverkar sinne kor tilrekneleg vi er: andre kjem gjennom milde åtak og veks utan å verte oppdaga og får oss etterkvart til å eksplodere av sinne heller plutseleg…. Intensiteten er på ingen måte regulert av opphavet, for han stig til dei største høgdene frå dei mest trivielle byrjingar.»

Det perfekte moderne miljøet for å handtere sinne er internett. Viss du har ein Twitter eller Facebook-konto, eller skriv, les eller kommenterar på ein blogg, veit du kva eg meiner.  Twitter-sinne har vorte brakt opp til nye høgder (eller nedturar, avhengig av synspunktet ditt) av den noverande presidenten i USA, Donald Trump.

Eg skriv òg ganske mykje på nettforum. Det er ein del av jobben min som lærar, og òg mi plikt som medlem av menneskeslekta, meiner eg. Samtalane eg har med folk frå andre delar av verda har ein tendens til å vera hjarteleg og gjensidig lærerik, men nokre gonger vert det ekkelt. Ein framtredande forfattar som nyleg var usamd med meg om ei detaljsak stempla meg raskt som ein del av ei «tulleavdelinga». Au! Korleis er det mogleg å ikkje bli fornærma av denne typen ting, særleg når det kjem ikkje frå eit anonymt troll men frå ein berømt fyr med meir enn 200.000 følgjarar? Ved å implementera råd frå ein annan stoisk filosof,  Epictetus, kjend som slaven som vart lærar frå det andre hundreåret etter Kristus, som formana studentane sine på denne måten:

– Hugs at det er vi som plagar, vi som lagar vanskar for oss sjølve – eller rettare sagt, meiningane våre gjer det. Kva tyder det til dømes å bli fornærma? Stå ved ein stein og fornærm han, og kva har du oppnådd? Viss nokon reagerer på fornærming som ein stein, kva har fornærmaren fått att sjølv for skjellsorda sine?

Akkurat. Sjølvsagt tek det tid og erfaring å utvikla haldninga ein stein har til fornærmingar, men eg blir betre og betre på det. Så korleis svara eg på den ovannemnde overhøvlinga? Eg oppførde meg som ein stein. Eg berre ignorerte det og fokuserte energien min på å i staden svara på genuine spørsmål frå andre, og gjorde mitt beste for å engasjera dei i konstruktive samtalar. Som eit resultat av dette er den framtredande forfattaren illsint, har eg høyrt, medan eg held på sinnsroa mi.

Somme seier at vrede er det rette svaret på visse tilhøve, til dømes i reaksjon på urettferdighet, og at det – i moderasjon – kan vera ei motiverande kraft for handling. Men Seneca ville svara at å snakka om moderat sinne er det same som å snakka om flygande griser: det er ganske enkelt ikkje slike ting i universet. Når det gjeld motivasjon hevdar stoikarane at vi handlar på grunnlag av positive kjensler, til dømes ei kjensle av indignasjon over å ha sett ei urettvise eller eit ønske om å gjera verda til ein betre stad for alle. Sinne er ikkje naudsynt, og faktisk vert det vanlegvis i vegen.

Den romerske keisarfilosofen Marcus Aurelius(var keisar 161-180e.Kr.). Foto: Turc Olive/Flickr/CC-lisens.

Filosofen Martha Nussbaum gav eit berømt moderne døme på dette i Aeon om Nelson Mandela. Slik ho fortel historia var Mandela, då han vart sendt i fengsel i 27 år av apartheid-regjeringa i Sør-Afrika, veldig, veldig sint. Og av gode årsaker, vil mange hevda, det var ikkje berre ei grov urettvise som vart begått mot han sjølv, men mot folket hans meir generelt. Likevel skjøna Mandela snart at å halde liv i sinnet sitt, og å insisterere på å tenkja på dei politiske motstandarane sine som umenneskelege monster, ikkje ville leia nokon stadar. Han trong å overvinna den øydeleggjande kjensla for å nå ut til den andre sida, for å byggja tillit, om ikkje vennskap. Han vart ven med sin eigen vakt, og til slutt fekk han løn for sjansespelet: han var i stand til å stadfeste ein av desse få fredelege overgangane til eit betre samfunn som di verre er svært sjeldne i verdshistoria.

Interessant nok kom ein av dei sentrale augneblinkane i forvandlinga hans når ein medfange smugla inn og let ei bok av ein annan stoikar sirkulere mellom dei innsette: Meditasjonane til Marcus Aurelius. Marcus meinte at viss folk gjer feil, er det du treng å gjere “å læra dei då, og visa dei utan å vera sint.” Dette var nett det Mandela gjorde så effektivt.

Så, her har den moderne stoikarguiden til å handtere sinne, inspirert av råda Seneca gav:

• Engasjèr deg i førebyggjande meditasjon: Tenk over kva for situasjonar som utløyser sinnet ditt, og avgjer på førehand korleis du skal handtera dei.

• Kontrollèr sinne så snart du kjenner det kome. Ikkje vent, då vil vil det verte umogleg å kontrollere.

• Hald deg saman med rolege menneske, så mykje som mogleg; unngå irritable eller sinte menneske. Humør er smittsamt.

• Spel eit musikkinstrument, eller engasjér deg i kva enn aktivitet som roar sinnet ditt. Eit roleg sinn vert ikkje sint.

• Søk omgjevnader med behagelege, ikkje-irriterande fargar. Å manipulera ytre omstende har faktisk ei effekt på humøret.

• Ikkje gå inn i diskusjonar når du er sliten ettersom det er langt enklare å bli irritert, noko som deretter kan eskalera opp til sinne.

• Ikkje start diskusjonar når du er tørst eller svolten av same årsak.

• Dyrk fram sjølvironisk humor, hovudvåpenet vårt mot universet sitt uforutsigbarheit og den forutsigbare vondskapen til nokre av medmenneska våre.

• Øv på kognitiv distansering – det Seneca kallar å «forseinke» svaret ditt – ved å gå ein tur eller gå på badet, noko som vil gje deg ein pause frå ein ottefull situasjon.

• Endre kroppen din for å endra sinnet: redusér stega dine, senk tonen i stemmen din, tving kroppen din til å ha sinnelaget til ein roleg person.

Framfor alt er det å vere god mot andre vegen til eit godt liv. Råda Seneca gav om sinne er like gode i dag som for 2000 år sidan, og vi burde alle følgje dei.

Massimo Pigliucci er professor i filosofi ved City College NY og ved Graduate Center of the City University of New York. Teksta vart først publisert i Aeon.co, og er omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide under CC BY-ND 4.0-lisens.

Aeon counter – do not remove

ANNONSE