Framtida
Publisert
Oppdatert 16.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på aeon.co.

For tre hundre år sidan hevda den franske filosofen Montesquieu at folk tilpassar seg betre til midten enn til ytterpunkta. Berre nokre tiår seinare sa George Washington seg ueinig. I den siste talen han heldt som president i 1796, åtvara han mot dei skadelege effektene av partiånd og fraksjonering. Han argumenterte for at røtene for dette låg i dei sterkaste kjenslene i mennesket, og kan bli sett på sitt verste i populistiske regjeringar der konkurranse og rivalisering mellom fraksjonar vert skjerpa av ønsket om hemn og mangel på moderasjon.

Den franske filosofien Charles Montesquieu. Foto: shizhao/Flickr

Ser ein på verda i dag, er det freistande å vere meir einig med Washington enn Montesquieu. Den politiske scena i dag syner klare teikn på kor lite tru vi har på dygda det er å moderere seg og lage kompromiss, noko den amerikanske presidenten John Adams  i 1776 meinte var det einaste som hindra menneske med med makt i å bli som skrubbsvoltne rovdyr. Sjølv om dei demokratiske institusjonane våre er avhengige av at politiske aktørar syner sunn fornuft, sjølvkontroll og moderasjon, er det no slik at overdriving og det å vere ideologisk uforsonleg er det vanlege, og moderate har vorte ein truga rase som treng hjelp til å overleve.

Kan vi gjere noko med dette? For å svare på dette spørsmålet bør vi sjå på moderasjon på ny. Edmund Burke såg på moderasjon som ei vanskeleg dygd som kun modige og edle sinn kunne klare. Kva tyder det å vere ei moderat stemme i det politiske og offentlege livet? Kva for prinsipp ligg til grunn for moderasjon? Kva er det moderate vil oppnå i samfunnet, og korleis er dei annleis frå dei som er meir radikale eller ekstremistiske?

Kva tyder det å vere ei moderat stemme i det politiske og offentlege livet?

Før vi svarar på desse spørsmåla må vi vurdere det vanlege synet at moderasjon er det same som avgjerdsvegring, svakheit, opportunisme og feigheit. For dei som støttar denne tolkinga er moderasjon fargelaust, usamanhengande og uønskt som ei dygd, det motsette av dei faste, klare haldningane til dei som føretrekk sterkare og meir lyse fargar.

– Moderasjonen ser seg sjølv som vakker, fordi den ikkje skjøner kor svart og edrueleg, og difor direkte stygg, han ser ut for andre, sa Friedrich Nietzche. For andre er moderasjon ikkje tilfredsstillande fordi dei ser moderate handlingar som å gje etter utan å lage ein plattform for mobilisering og reform samstundes.

Aristoteles definerte dygd som ein gunstig mellomveg mellom to farlege ytterpunkt.

Kva meinte tenkjarane i antikken om dette? Først og fremst hadde dei lite skepsis mot moderasjon. Dei hevda tvert imot at kun «barbarar» var uskikka for moderasjon, altså ikkje kunne følgje ein rasjonelle mellomveg. Dei var òg einige i at moderasjon ikkje var ei enkel dygd. Tacitus kalla det den vanskelegaste lærdomen av visdom, medan Horats kopla moderasjon til den gylne mellomvegen og balanse, gode ting men vanskeleg å oppnå i praksis.

Platon framheva moderasjon som både viktig og vanskeleg i Staten, der han definerte det som ei dygd som let oss kontrollere kjenslene og ønska våre. Aristoteles og Platon var ueinige om mangt, men Aristoteles definerte òg dygd som ein mellomveg mellom ytterpunkta på kvar side, og hevda at alle som meistrar ein kunst unngår det som er overflødig og det som er defekt slik at dei kan finne det i midten som kan ta vare på orden og fridom i samfunnet. Men sidan denne mellomvegen aldri er eindimensjonal, må vi alltid vurdere og evaluere samanhengen i vala vi gjer for å finne det rette å gjere på rett tid, på rett stad og med omsyn til rett folk. For å oppnå alt dette må ein vere både moderat og klok, men det finst ingen algoritme for dette, ein kan berre lære moderasjon gjennom erfaring og øving. Det er ei krevjande dygd som ikkje passar for unge, ettersom dei har lite kunnskap og lite tålmod.

Moderasjon som måtehald har òg vore viktig i kristen tradisjon

Moderasjon som måtehald har òg vore viktig i kristen tradisjon, der det saman med klokskap har vore rekna som ei av dei fremste dygder. Kristne teologar som Thomas Aquinas hevda at moderasjon ikkje er mogleg utan å vere modig, vis og motstandsdyktig. Det som er moderat er alltid det gode. Moderasjon er difor «som ein silketråd som går gjennom perlelenka som går gjennom alle dygder» (Joseph Hall).

The Federalist Papers er ei essaysamling av Alexander Hamilton, James Madison og John Jay til forsvar for den amerikanske grunnlova av 1787.

Montesquieu argumenterte vidare for at moderasjon er den fremste dygda for lovgjevarar, og samstundes er det langt meir enn den gylne middelvegen mellom ekstreme synspunkt. Omgrepet refererer til fleire ting samstundes: eit spesielt karaktertrekk (klokskap, måtehald og sjølvkontroll), ei spesifikk politisk haldning (opposisjon mot ekstremisme og fanatisme), og eit unikt sett av institusjonelle og konstitusjonelle arrangement. The Federalist Papers (1787-88), som såg på Montesquieu som eit orakel, hevda at fridom og velstand er avhengig av at det er balanse mellom ulike gruppar og klassar i samfunnet like mykje som eit vist maktarkitektur som inkluderer deling av makt, føderalisme, juridisk oversyn og fleirkammerisme. Det er i balansen av dette, ein balanse som alltid vil vere sårbar og truga, at ein kan hindre desse fraksjonane i å oppnå absolutt makt i samfunnet, noko president Washington var veldig uroleg for låg i framtida for den nyskipa amerikanske republikken.

Desse føregangsbileta for moderasjon minnar oss på at dette dannar ein samanhengande og mangfaldig tradisjon av ei gruppe tankar som enno ikkje har vorte utforska skikkeleg. Desse fortel oss at moderasjon er meir enn eit karaktertrekk, ein sinnstilstand eller noko ein er disponert til å vere. I tillegg til den etiske meininga har han òg ein klar politisk visjon og ein bestemt stil som politisk handling som inkluderer høflegheit og ein form for eklektisme, det motsette av det reint ideologiske.

Dei moderate er klar over den relative gyldigheita av sine eigne politiske overtydingar, og at dei ikkje har perfekt kunnskap og informasjon. Det er difor dei føretrekk å tenkje «politisk» i staden for ideologisk; dei ser ikkje verda i svart og kvitt eller «oss-eller-dei»-kontrastar, men heller i mange skuggar av grå. Dei moderate nektar å definere ein enkel måte å gjere ting på, og vil ikkje prøve å ei finne ei endeleg løysing til vanskelege problem, men er heller klare for å nå fornuftige kompromiss der det er mogleg. Dei er nøgde med å rette segla på skipet dei er i for å unngå at det kantrar i krisetider.

Linedansaren kan ikkje gå attover eller stå stille, den einaste vegen han eller ho kan gå er framover

Slik sett er moderasjon ein vanskeleg balansekunst som ikkje er veldig ulik det å gå på eit tynt rep utan å falle. Ein som går på line må ha mange ting for å halde seg oppe: ferdigheiter, trening, tålmod, handlekraftig, ha visjon, kunst, mot, framsyn og intuisjon. Linedansaren kan ikkje gå attover eller stå stille, den einaste vegen han eller ho kan gå er framover. For å gjere dette må han eller ho ha eit klart mål og aldri tapa det av syne, medan han eller ho er merksam på kvart einaste steg, sidan eit feilsteg fort kan bli fatalt.

I moderasjonen har me best sjansar til å møta sanninga, meinte filosofen David Hume.

Eg meinar at ein verdig politikar må vera som ein linedansar: Han eller ho treng balanse på alle måtar, må vere forsiktig, vaken og rask til å reagere, og bør ha god intuisjon og retningssans. Han eller ho må òg ha mot nok til å svømme mot straumen når det trengst, og bør alltid kreve at alle sider får leggje fram sine synspunkt når kontroversielle tema vert handsama. Det motsette er den som kjenner svara sjølv før nokon spørsmål blir spurt, nokon som ikkje er interessert i å lytte og deler verda mellom det gode og det vonde, mellom vener og fiendar.

Vi har for mange eksempel på desse sjølvrettferdige sjelene no i dag, ei tid med vaksande immoderasjon. For å lukkast med å kjempe mot desse er det på tide at vi gjenoppdagar ei dygd – moderasjon – der, som David Hume sa så godt på 1750-tallet, «vi mest sannsynleg vil møte sanning og sikkerheit». Moderasjon kan vere eit vellukka kamprop som held dialogen open med alle som er forplikta til å verne dei grunnleggjende verdiane i det demokratiske samfunnet vårt.

Aurelian Craiutu er professor i statsvitskap ved Indiana University. Den siste boka hans er Faces of Moderation: The Art of Balance in an Age of Extremes (2016).

Teksten er henta frå Aeon.com og er publisert med CC BY-ND 4.0-lisens. Omsett til nynorsk frå engelsk av Arnt Olav Foseide.

 

Aeon counter – do not remove

Fakta

Aurelian Craiutu er professor i statsvitskap og American studies ved Indiana University i Bloomington, USA. Den seinaste boka han har kome ut med er Faces of Moderation: The Art of Balance in an Age of Extremes (2016). Han bur i Bloomington.