«Son of a bitch!»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert i Norsk Tidend.

Prøv dette tankeeksperimentet: Kva er det verste du kan kalle ei kvinne? Ikkje hald tilbake no, tenk på dei styggaste orda du kjem på. Kva dukkar opp i hovudet ditt? 

Er du som meg, og (litt flaut og motvillig) kjem på ord som kjerring, tøs, merr, tispe, hore eller fitte? Bitch?

La oss ta eksperimentet eit steg vidare. Tenk at du skal skjelle ut ein mann. Du skal verkeleg gi han inn, og du kan ikkje kome på noko sakleg å seie.

Kva slags stygge ord kjem du på? Horekunde? Femi? Homo? Jentegut? Kjerring? Jente? Kva med horeson, eller son of a bitch?

«Som ei jente»
Er det ikkje påfallande at det verste du kan kalle ei kvinne er ei kvinne, og det verste du kan kalle ein mann er det same? I desse eksempla er det det kvinnelege kjønn, typisk «feminine» eigenskapar, seksuell legning eller kvinnelege slektningar som får gjennomgå.

Kvinner blir angripne med kvinnekjønnet, det same blir menn.

Å seie at nokon spring eller slår «som ei jente» er og har alltid vore nedsettande meint.

Det er lett å seie at måten vi uttrykker oss på, er eit uttrykk for haldningar. Men eg er jo ingen misogynist, og eg trur ikkje alle som tyr til slike uttrykk, aktivt identifiserer seg som kvinnefiendtlege heller.

Nokre, jo, men ikkje alle.

Når sinnet kokar over
Tvert imot så er eg feminist og sterkt imot denne måten å trykke det kvinnelege kjønn ned i søla på. Men når sinnet kokar over, er det irriterande lett å kjenne slike ord boble opp i hjernebarken. Eg skulle ønske det ikkje var slik.

Ein kan skulde på kulturen rundt oss, og på historia bak oss. Denne språkbruken har ikkje oppstått i eit vakuum. Utan negative haldningar til det kvinnelege kjønn hadde det ikkje oppstått slike kvinneorienterte skjellsord heller.

Men vi kan gjere noko med det.

Ein kjem langt med å vere medviten om korleis ein bruker språket, også når ein er sint. Trekk pusten ein ekstra gong når du er i ferd med å skjelle ut nokon.

Eit kjent, godt råd er å ta saka, og ikkje personen.

Men ta heller personen enn kjønnet. 

LES OGSÅ: Det unormale kvinnekjønnet

LES OGSÅ: – Eg(o) treng ikkje feminisme