Korleis tekstar du eigentleg på kinesisk?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 17.10.2017 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis tekstar du på kinesisk?

Har kinesarane eit gigantisk tastatur med éin tast per teikn?

Nei, eit kinesisk tastatur er faktisk nesten heilt likt tastaturet me brukar i Noreg. Sjølv om det kinesiske skriftspråket har symbol og ikkje bokstavar, finst det ein latinisert variant av språket som gjer det mogleg å tekste på kinesisk med dei same bokstavane som blir brukt i norsk og engelsk.

Men for å forstå korleis ein tekstar på kinesisk, må ein først forstå korleis det kinesiske skriftlege og muntlege språket heng saman.

Det kinesiske skriftspråket er litt som emojis. Eitt teikn har éi tyding. Sjølv om det ikkje står bokstavar som forklarar kva til dømes eit hjarte betyr, veit alle at ❤️ symboliserer kjærleik.

Nokre kinesiske teikn er som smilefjesa – det liknar veldig mykje på det det skal symbolisere. Teiknet for «stor» ser til dømes slik ut:

 

 

Det ser ut som ein hovudlaus person som held armane ut til sides for å vise kor stort noko er, ikkje sant?

Andre ord er ikkje like lette å sjå for seg. Gramatiske partiklar, for eksempel. Eller ordet «du». Korleis skal ein teikne ordet «du»? På kinesisk er det løyst slik:

 

 

 

Sett du det kinesiske teiknet «du» saman med teiknet for «bra» får du ordet som betyr «hei» eller «hallo». På kinesisk er det skrive slik:

Men korleis kan dette skrivast på ein datamaskin eller mobiltelefon? Det er her latiniseringa kjem inn. Det finst nemleg system som omset kinesiske teikn til bokstavar ut frå den kinesiske uttalen er. På mandarin seier ein «ni hao» når ein skal seie «hei» («ni» tyder du og «hao» tyder bra). Og det er akkurat slik det blir skrive med latinske bokstava på eit av dei mest brukte bokstavsystema på fastlands-Kina; «ni hao».

Når ein då skal tekste «hei» på ei melding, skriv ein enkelt inn «ni» og «hao», og tastaturet vil gje deg alternativ til kva for nokon teikn du kan bruke.

På mandarin er det veldig strenge reglar for korleis eit ord kan sjå ut. Eit ord kan begynne på ein konsonant, etterfølgt av ein vokal og slutte på –n eller –ng. Som til dømes «wang» eller «jing» eller «meng». Dette er kanskje ein av grunnene til at mange synest  at kinesisk høyres ut som eit «ching-chong»-språk. Eit ord kan også slutte med vokalen og droppe –n eller –ng endinga, slik både «ni» og «hao» er eksemplar på.

Sidan det er så strenge reglar på oppbygginga av ord, finst det ikkje så mange ulike ord på kinesisk. «Hao» for eksempel, kan både bety bra, nummer, østers, å konsumera, å ropa og å skremma – eller det kan vera eit etternamn. Korleis veit ein då kva den andre meiner når han seier «hao»?

For det første betyr kontekst mykje. Seier ein «ni hao» kan ein tenkje seg til at det betyr «hei», og ikkje «du er ein østers». I tillegg er det laga fire ulike toner som blir lagt på orda for skilje dei frå kvarandre. «Hao» blir sagt på ein litt meir syngande måte når det skal bety «bra» enn måten ordet «nummer» blir uttalt på. For utlendingar er ikkje dette berre enkelt, og er grunnen til mange pinsame augeblikk (som den gongen eg skulle be om ein kopp te, men sidan eg la på feil tone stod eg i ein restaurant og spurte etter ei dyne).

Sist men ikkje minst, skil ein ord som blir uttalt på same måte ved å skrive dei med ulike teikn. Etternamnet «Hao» ser slik ut:

 

 

Mens når ordet «hao» skal bety «bra», som vist tidlegare, er det skrive på denne måten:

Når du tastar inn ordet «hao» på eit tastatur vil du få opp fleire forslag. Men sidan «ni hao» er sett saman av to teikn som til saman får ei ny tyding, vil mobiltelefonen gjere det enkelt for deg og forslå dei vanlegste teikna som blir brukt. I dette tilfellet, teikna for «hei».

Og slik chatter du på kinesisk. Skal du skrive Beijing, tastar du inn «bei» og «jing» og får opp teikna for Kinas hovudstad:

 

 

Men så lurer du kanskje på korleis ein veit at til dømes teikna for Beijing blir uttala akkurat på den måten når det ikkje er bokstavar til rettleiing?  Att på til, korleis veit du kva for ein tone du skal uttale orda med?

Svaret er pugging. Livslang, smertefull og umåteleg interessant pugging.