Datateknologi har gjort det lettare for både kinesarar og nordmenn å læra mandarin. Språket vert stadig meir populært i Noreg.

Faktaboks

Mandarin:

• Snakka av 885 millionar

• Moderne kinesisk, utvikla på 1800-talet

• Største språket i Kina

• Kina har fleire språk og store dialektale forskjellar

Japansk

• Snakka av 122 millionar

• Liknar kinesisk skriftleg, men er svært ulikt munnleg 

Koreansk

• Snakka av rundt 72 millionar

• Sør-Korea og Nord-Korea har dialektale forskjellar, i tillegg til at dei i nord har mindre påverknad frå engelsk.

UCLA, Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg merkar at kinesisk har vorte meir populært, særleg på Vestlandet er dei flinke, fortel Aslak Staff Tvedt, rådgjevar for kinesisk ved Fremmedspråksenteret.

LES OGSÅ: Lær kinesisk i Bergen

99 prosent vel tradisjonelt
Kva framandspråk ein får tilbod om på dei ulike skuletrinna varierer mellom kommunar og fylkeskommunar. Men skulane er pålagt å tilby minst eitt av språka fransk, spansk, tysk og russisk.

Stadig fleire skular i vest tilbyr no opplæring i mandarin. Mellom desse er Spjelkavik ungdomsskule i Ålesund og fire ungdomsskular i Bergen. I Trondheim og Osloområdet er tilbodet òg godt. Ila barneskule har sett i gang ei forsøksordning med mandarin.

Framleis har 99 prosent av elevane som vel framandspråk, fransk, tysk eller spansk – dei nære framandspråka.

Av dei små språka er kinesisk og russisk størst. I underkant av hundre elevar lærer mandarin på ungdomsskulen medan omlag 300 elevar tek det på vidaregåande.

Nyleg opna Universitetet i Oslo (UiO) opp for at personar med utdanning i kinesisk, japansk og russisk kan ta praktisk-pedagogisk utdanning for å verte lærarar.

LES OGSÅ: Vil ha kinesisk på vidaregåande

Sverige satsar på mandarin
Steinar Nybøle, leiar hjå Fremmedspråksenteret, har merka at interessa for å lære såkalla fjerne framandspråk har auka dei seinare åra og ser dette som eit resultat av globaliseringa. At ein ser ikkje lenger på Europa som verdas navle.

– Det har vore ein konsensus i internasjonal politikk om at kinesisk er eit viktig språk, forklarar Nybøle.

Ei undersøking blant svenske ungdommar synte at dei såg på kinesisk som det tredje viktigaste språket, etter engelsk og tysk.

Naboane våre har nyleg bestemt seg for å satse hardarde på kinesisk. Målet er at alle kommunar i Sverige skal tilby opplæring i kinesisk innan 15 år.

Nybøle er spent på om Noreg vil følgje etter.

Då Fremmedspråksenteret lyste ut midlar til framandspråkopplæring var det stor pågang. I Sarpsborg fekk fleire skular støtte til å starte kinesiskopplæring denne hausten, medan Voss gymnas har fått utviklingsmidlar.

LES OGSÅ: Studerer kinesisk i Beijing

IKT-redninga
Kinesisk har ord på seg for å vera verdas vanskelegaste språk med sine mange skriftteikn.

– Alfabetet er ein baug for nordmenn som skal læra asiatiske språk, fortel Nybøle.

Nybøle og Staff Tvedt fortel båe at ny datateknologi har gjort det lettare å læra kinesisk. Ein kan skrive inn uttalemåten med latinske bokstavar, så foreslår datamaskina ulike teikn som passar. Lydspråket tilpassa kinesisk kallast pinyin og er ikkje berre til hjelp for nordmenn som vil gjere karriere.

– IKT har redda det tradisjonelle kinesiske skriftspråket. Det er så mange ulike ord at sjølv kinesarane slit med å hugse dei, seier Staff Tvedt.

Det er enklare å skrive kinesisk på denne måten, med passiv språkgjenkjenning, enn å måle teikna sjølv.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

Saka fortset under biletet.


Joan Quinzel (18) og Melody Ryuu Sundelius (20) har lært litt japansk og koreansk gjennom teikneseriar og kpop.

Pokemon og Manga
Japansklærar Eskil Olaf Vestre og koreansklærar Jarne Byhre merkar òg ei auka interesse for austasiatiske språk.

Men der unge i stor grad ser karrieremoglegheiter med kinesisk, er det i større grad populærkulturen som vekkjer interessa for japansk og koreansk.

Oslo handelsgym har hatt opplæring i japansk sidan 1983, då den første bølgja traff Noreg.

– Den gongen hadde Japan ein posisjon som liknar den Kina har i dag, forklarar Vestre, japanskrådgjevar ved Fremmedspråksenteret.

Rundt år 2000 kom det ei ny japansk bølgje til Noreg. Denne gongen var det japansk popkultur, Pokemon-spel og Manga-teikneseriar, som vekka interessa hjå unge folk.

I Oslo kommune kan alle elevar melde seg opp til kveldskurs hjå dei skulane som tilbyr japansk, mandarin, koreansk, italiensk, russisk og latin.

Gigantisk Kpop
Då Jarne Byhre bestemte seg for å studere koreansk, hadde Sverige det einaste tilfredsstillande utdanningstilbodet.

Han merka for alvor den auka interessa for språket og kulturen då han fekk spørsmål frå NRK om å omsetje Mnet Asian Music Awards. Det årlege showet med kårinkar av beste kpop artistar har fleire sjåarar enn Oscar-utdelinga.

Etter dette har Byhre mellom anna vore fast omsetjar for NRK.

– Koreansk er ikkje like stort behov for som japansk og kinesisk. Det er fordi koreanarar i større grad enn dei andre landa nyttar engelsk som business-språk, forklarar Byhre.

Finn det ikkje på Finn
Likevel, for alle tre har språkkunnskapen gjeve interessante karrieremoglegheiter, det gjeld berre å finne dei.

– Det er ikkje slik at du går på Finn.no og søkjer på japansk, seier Vestre.

Kva språk ein bør satse på i framtida vil ingen gje råd om. Det er vanskeleg å spå. Det er heller ikkje ynskjeleg at alle kan dei same språka.

Men eitt råd har dei alle: Lær språk – i tillegg til noko anna.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE