Kva betyr det å vera kinesisk?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ut med det vestlege, inn med det kinesiske

Det kinesiske kommunistpartiet jobbar med å redefinera den kinesiske nasjonal-identiteten.

Partiet vil at det å vera kinesisk skal bety å elska landet sitt. Men ikkje berre elska partiet og politikken partiet førar i kommunismens namn slik det har vore tidlegare. Ein skal også elska Kinas eldgamle historie, kultur og tradisjon. Det inkluderar konfutsiansk tankesett men også kalligrafi, kinesisk handarbeid og klassisk kinesisk musikk.

Nytt pensum

Sidan president Xi Jinping kom til makta i 2012 har han lagt inn ein innsats for å styrke landets «kulturelle sjølvtillit». I praksis betyr det inn med det kinesiske, ut med det vestlege.

I fjor publiserte det kinesiske utdanningsdepartementet eit forslag til auka promotering av nasjonalisme i skulane. I dokumentet står det at skulane skal respektera og bringa vidare kinesisk historie og kultur. Dei skal styrke kinesiske tradisjonar i utdanninga.

Sidan då har mange kinesiske skuler og universitet fått fjerna det som er rekna som vestlege verdiar frå pensum og undervisning. Tyske Karl Marx’ tenking er unntaket. Universitetsstudentar må fortsett gå gjennom eit kurs i marxistisk ideologi, ikkje ulikt Noregs krav til universitetsstudentar om å ta filosofikurset ex.phil.

Saka held fram under bilete. 

Like under maleriet “Nattverden” heng det bilete av korleis den kinesiske byen Harbin såg ut før i tida. I likskap med mange andre kyrkjer og templa har denne katedralen blitt gjort om til ein turistattraksjon der utstillinga ikkje er basert på religion. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

To omgrep for det å vera kinesisk

Men kva betyr det å vera kinesisk, når landet består av 1,4 milliardar innbyggarar, 56 forskjellige etniske grupper, sju ulike språk og tusenvis av skikkar, tradisjonar og kultur spreidd over 9 millionar kvadratkilometer?

– For meg handlar det fyrst og fremst om familie. Er familien din kinesisk, er du kinesisk, seier kinesisk Chu. Han er busett i Noreg, og ynskjer ikkje å bruke sitt fulle namn.

Han fortel at på mandarin er det to ulike omgrep for det som på norsk blir oversett til «kinesar» – zhongguo ren og zhonghua minzu.

– Å vera zhongguo ren betyr å vera kinesisk i ein litt meir politisk forstand. Då er du gjerne kinesisk statsborgar som støttar partiet. Zhonghua minzu på den andre sida, er meir kulturelt. Du kan vera født og oppvokst i USA, men viss foreldra dine er kinesisk så er du zhonghua minzu likevel. Det betyr at arven din kjem frå Kina, forklarar Chu.

Han synest ikkje det er problematisk at kommunistpartiet redefinerer kva det betyr å vera kinesisk.

– Viss ein regjering for eksempel forbyr hijab, betyr det at dette forbudet er støtta av ein del av befolkinga. Sjølv om ein ikkje likar det sjølv må ein berre godta at for nokon er ikkje hijab ein del av det dei meiner er landets nasjonale identitet. Skilnaden er at i Europa har ein meir moglegheiter til å ytre seg dersom ein er ueinig, seier Chu.

Ut med det gamle, inn med kommunismen

Kommunistpartiet har blitt den tradisjonelle kulturens trufaste arving. Men slik har det ikkje alltid vore. Tidlegare var målet for kommunistpartiets kulturpolitikk å øydelegge Kinas fortid, ikkje feire den.

I august 1966 blei kampanjen «øydelegg dei fire gamle» satt i gang. «Dei fire gamle» var gamle tradisjonar, gammal kultur, gamle vaner og gamle idear. Det blei sagt at dette hadde forgifta kinesarars tankar i mange tusen år, og det var det på tide å få ein slutt på.

 Den materielle velferda har, meiner mange, ført til eit moralsk forfall.

Kva konkrete tradisjonar, kultur, vaner og idear som skulle øydeleggast kom ikkje tydeleg fram. Men kampanjen resulterte i masseøydelegging av statuar, bøker, bygningar og gamle keisargravar.

«Øydelegg dei fire gamle» blei lansert like etter at formann Mao Zedong hadde satt i gang den kulturelle revolusjonen, som skulle renske landet for kapitalisme og gjenopprette den sanne kommunistiske ideologien.

Fyller tomrommet

Kvifor vil kommunistpartiet no gjenoppliva den gamle kulturen? Bakgrunnen er, skriv The Economist, å sikre kommunistpartiets maktposisjon.

Kina har gjennomgått ein enorm endring i rekordfart. Økonomien har skutt til værs og landet har blitt meir ope for resten av verda over eit par tiår. Men den materielle velferda har, meiner mange, ført til eit moralsk forfall.

Mange har tydd til religion for å fylle dette tomrommet. Men kommunistpartiet er uttalt ateistisk og oppmuntrar ikkje til religiøse samlingar og skikkar. Difor gjenopplivar dei gamle tradisjonar og skikkar for å fylle det spirituelle vakuumet med andre verdiar som dei føretrekker framfør religion.

Ei undersøking frå 2015 viser at blant religiøse kinesarar er majoriteten under 60 år gamle. Det tyder på at religion har ein viss tiltrekkingskraft blant unge, ein tiltrekking som partiet gjerne skulle hatt sjølv.