Studerer kinesisk i Beijing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stordabuen er heime på nyttårsferie hos mor og far på Valvatna. I eit halvt år har ho vore student ved Beijing Sports University, men det er ikkje sporten som fekk ho til hovudstaden.

– Eg fekk stipend gjennom Konfutse Institutt i Bergen for å studera kinesisk, seier Espeland som vart tipsa om stipendet gjennom lærarane ved Bergens Handelsgymnasium på vidaregåande.

Kinastudenten, som fyller 20 år i dag, har allereie litt erfaring med å bu for seg sjølv etter tre år i Bergen på vidaregåande. Det gjorde overgangen til internasjonal student mindre.

– Eg har blitt vant til å vera litt meir sjølvstendig, seier Espeland.

Ny kultur
I byen med 19 millionar innbyggjarar er livet hakket meir hektisk enn i heimkommunen med 18.000. Trass rushtrafikk og store folkemengde har ho funne seg til rette i hovudstaden. Ettersom skulen ligg litt utanfor sentrum, kjem ho tettare på kinesisk kultur.

– Dei er ganske opne. Dei er meir ærlege, seier ting rett så det er, seier Espeland.

Sjølv om ho bur i Asia, er det fleire vestlege butikkar og restaurantar i byen. Julefeiringa blei mellom anna feira i lag med internasjonale studentar på McDonald's.

– Dei unge i Kina prøver å vera meir vestlege.

Andre vanar
Nokre kulturskilnader har ho merkt seg medan ho har studert i landet.

– Det er heilt normalt å rapa høgt, og spytta på golvet. Det er ganske annleis enn her heime, men ein blir vant med det, smiler Espeland.

LES MEIR OM UTVEKSLING HER!

Ettersom ho bur litt utanfor sentrum, kan ho ikkje like lett ty til engelsk når ho er ute i gatene.

– Eg klarar som regel å gjera meg forstått, seier Espeland.

Når det gjeld maten vert den som oftast ete ute ettersom det er svært rimeleg.

– Maten der er ganske annleis enn kinarestauranten her på Leirvik.

LES OGSÅ: – Stor forskjell å læra språk i utlandet

Viktig tonefall
Ettersom kinesisk ikkje har røter til norsk er det mykje som må lærast for å bli for stått.

– Det er fire forskjellige tonefall. Til dømes kan "ma" bety både mor, og hest etter korleis ein legg tonefallet, seier Espeland som returnerer til det folkerike landet i februar.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!