Førdefjorden-aksjonistane dømt

Ti aksjonistar må betale opptil 24.000 kroner kvar etter aksjonane mot sjødeponi i Førdefjorden.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag kom dommen i dei første rettssakene mot aksjonistane som i februar aksjonerte ulovleg for å hindra gruvearbeidet ved Engebøfjellet i Naustdal kommune. Selskapet Nordic Mining har fått løyve til å grava fram mineralet rutil frå fjellet og ha sjødeponi i Førdefjorden.

Då dei ti første aksjonistane møtte i retten 29. november la aktoratet ned påstand om 12.000 kroner per arrestasjon. I den to dagar lange rettssaka i Fjordane tingrett i Førde påberopte aksjonistane seg nødrett, men fekk ikkje medhald.

NU-leiaren dømt
I dag dømte retten dei tiltalte til bøter på mellom 10.000 og 12.000 kroner i tillegg til saksomkostningar. Fleire av dei domfelte har gjennomført to aksjonar og må difor betala totalt 24.000 kroner, ifølgje ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, er ei av dei som no er dømt.

– At me blir dømt til store bøter i forsøk på å hindra eit sterkt kritisert og forureinande gruveprosjekt er trist. Me ser på Nordic Minings gruveprosjekt som miljøkriminalitet, me vil stoppa prosjektet kor myndigheitene har svikta, seier Skjoldvær i pressemeldinga.

Under aksjonane, som varte i nesten tre veker i februar, vart 86 personar arrestert og bøtelagt. Aksjonen er dermed den lengste sivilt ulydige aksjonen for miljøet, med arrestasjonar, sidan aksjonane mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget hausten 1981.

Samla bøtenivå ligg nærare 900.000 kroner. Dei fleste aksjonistane har ikkje godtatt bøtene, og det vil difor bli fleire rundar i retten.

NU kjempar vidare
Natur og Ungdom hadde på si side kalla inn kjelder frå Havforskningsinstituttet for å greia ut om korleis sjødeponi med gruveavfall i Førdefjorden kan påverka artsmangfald og fiskearter.

– Me står saman med sterke fagmiljø, lokale og bedrifter i området og seier at dumping av gruveslam i Førdefjorden ikkje er berekraftig. Dette kjem me ikkje til å gje opp, avsluttar Skjoldvær.

Les meir om Førdefjorden her!