Unge bør lese denne boka, gjerne som pensum på skulen

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 16.09.2017 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gripande om valdtekt

Det er lett å seie at alle veit kva valdtekt er. Boka En sånn jente gjer det likevel klart at det ikkje er slik: mange reknar kun dei verste av dei verste overgrepa for valdtekt.

«Når jeg tenker på voldtekt, ser jeg for meg tortur. Flere ukjente menn, kanskje med innvandrerbakgrunn, på én jente, og at de truer henne med våpen. Jeg bruker heller ‘overgrep’ når jeg snakker om det som skjedde med meg.»

Dette utdraget ser ut til å vere eit godt døme på ein relativt typisk måte å tenkje på, om ein skal tru unge i Norge i dag i boka.

Det blir tidleg klart at boka handlar om dei som er offer for valdtekt, ikkje valdtektsmennene. Dei viktigaste historiene som vert skildra er om Andrea Voll Voldum, som vart valdteken av tre menn på eit nachspiel i Hemsedal då ho var 18, og om Marthe Stavrum, som vart mishandla og valdteken i ni månadar av serievaldtektsmannen Julio Kopseng.

Historiene deira er engasjerande og gripande og gjev inntrykk av å vere truverdige. Forfattar Monica Flatabø forklarar godt korleis mange valdtektsmenn kan kome seg unna rettslege etterspel fordi dei valdtekne skuldar på seg sjølv og skammar seg slik over det som har funne stad, trass i at det i nesten alle sakene ikkje eigentleg har vorte funne noko som helst skuld hjå desse.

Dette er heller ikkje nokon spenningshistorie der vi må fundere på korleis det går til slutt. Vi veit frå starten av, og òg frå den store mediedekninga, at Kopseng er dømt til 21 år i fengsel for ugjerningane sine og korleis Voldum-saka gjekk. Det er meir prosessen som leia opp mot dette, og kva som hende etterpå, som er interessant her.

Sjølv om hovudfokuset i boka klart ligg på dei to nemnde kvinnene, er det òg mange historier om andre valdtektssaker, og eit ekstremt godt kapittel om dei andre ikring valdtektsofferet. Til dømes om faren til Charlen, ei jente som vart valdteken då ho var 16, som seier opp jobben sin og brukar det meste av tida si på å hjelpe dotter si over det verste. Han lagar til slutt ein valdtekts-app som skal hjelpe andre å unngå valdtekt.

Boka er enkel å lese med svært få faguttrykk og avansert språk, noko som passar fint når det handlar om tilhøva mellom ungdom og unge vaksne, og mange gode og detaljerte skildringar. Det er nokre få sterke banneord og dialektord, men ikkje så valdsamt at det vart vanskeleg å lese.

Flatabø gjer det klart at ho har laga boka for å gjere det lettare for andre å snakke om valdtekt, for utan ein open diskusjon om dette temaet er det ikkje mogleg å stoppe seksulle overgrep. Valdtekt og seksuelle grenser er ikkje noko unge får lære om på skulen, noko som gjer at jenter og kvinner ikkje kjenner att potensielt farlege situasjonar og til eit samfunn der halvparten av alle unge jenter blir sextrakassert på fest, noko som legg til rette for alvorlege overgrep.

Unge bør lese denne boka, gjerne som pensum på skulen, for det er ingen tvil om at desse er mest utsett for seksuelle overgrep, men alle andre treng òg å lære meir om dette. Gutar treng å lære at det ikkje er greit å gjere noko som helst, særleg med rusa jenter som ikkje klarar å gje samtykke, som dei ikkje har fått lov til. Å til dømes putte fingeren sin, eller kva som helst anna, inn i skjeden eller endetarmsopninga til ei jente som ikkje eksplisitt har gjeve lov til det, har som absolutt minstestraff 3 år i fengsel (Straffeloven §292, bokstav c).

Boka kjem i butikken 18.september, og eg håpar denne boka ikkje blir det siste vi høyrer frå denne forfattaren.

Les meir om Andrea Voll Voldum

Les fleire bokmeldingar her

Fakta

En sånn jente: Forlaget Vigmostad & Bjørke AS 2017. Dokumentarisk roman.

Monica Flatabø er featurejournalist i VGs lørdagsmagasin. Ho har tidlegare jobba i KK, Dagbladet Magasinet, og som frilansjournalist for A-magasinet. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus.