På scena iført kleda ho hadde på seg natta ho blei valdteken

Framtida
Publisert
Oppdatert 27.08.2017 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her fortel Andrea Voldum om valdtektshistoria

Saka blei først publisert hjå Porten.

Den unge kvinna frå Lærdal skapte eit enormt engasjement over heile Noreg då ho fortalte om valdtektshistoria si i fjor. No reiser ho rundt saman med June Holm, som også har opplevd valdtekt, og dei deler si historie for å hjelpe andre.

– Eg har aldri opna opp om historia mi på denne måten. Eg har ikkje fortalt det så detaljert, men det er kjekt og godt å opna seg. Dette er faktisk første gongen eg held eit skikkeleg foredrag, seier ho til Porten.no.

Onsdag kveld var det foredragskveld i Lærdal. Dei to kvinnene vart kjende under ein demonstrasjon i Oslo i fjor. Der fortalte Holm si historie i ein appell. Sidan då har dei vore nære vener og skipa stiftinga Vi tror deg.

– Det har vore ganske naturleg fordi me kjenner oss godt igjen i kvarandres historie og har mykje til felles. Det er mykje eg har kjent på, som eg no har skjønt er normalt, fordi Andrea har opplevd det same, seier Holm.

Brukte kleda ho hadde på seg då ho vart valdteken

Etter å ha fortalt si historie, var det Voldum sin tur. På seg hadde ho dei same kleda som ho hadde på seg den natta ho vart valdteken i Hemsedal, for å poengtere at myten om at jenter kler seg «billig og ber om å bli valdteken», er nettopp berre ei myte.

Andrea Voldum fortel valdtekthistoria si

Her fortel Andrea Voldum og June Holm om valdtektshistoriene sine. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Porten.

I ein samtale tok dei opp desse mytene, kva ein bør gjere når ein blir utsett for overgrep og kva ein ikkje bør gjere, som å halde det skjult. Dei snakka også om korleis ein kan hjelpe seg sjølv etter ei slik hending, og korleis andre kan hjelpe ein person som har blitt valdteken.

– Motivasjonen vår er at me ikkje har fått den type hjelp som denne stiftinga tilbyr. På mine 13 år på skule har eg aldri høyrt eit foredrag om valdtekt. Eg visste lite om det, og det handlar om å setja lys på det, seier Voldum og fortel at dei stiller opp i rettssaker som støtte for andre som er i same situasjon som dei sjølve var i.

– Me har mange mål, og det første er å få oss eit kontor, deretter lage eit tett samarbeid med politi, psykologar og advokatar slik at ein kan få eit godt tilbod på same plass. Draumen på sikt er eit senter, seier Holm.

Overlevde 20 knivstikk

Ein drøy månad før ho møtte Voldum, vart ho kjend med Marius Løken, som overlevde det mykje omtalte «Halloween-drapet» i Oslo i 2011. Saman viser dei at det er mogleg å stå oppreist etter å ha opplevd tøffe ting her i livet.

Saka held fram under biletet

Marius Loken overlevde de sokalla «Halloween-drapet»

Marius Løken overlevde de sokalla «Halloween-drapet» i Oslo, 2011. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Porten.

Etter å ha blitt knivstukken 20 gonger har Løken sakte, men sikkert tatt livet tilbake. Dei erfaringane delte han med dei frammøtte onsdag kveld, og sjølv om opplevinga hans er grav alvorleg, gjorde han det med humør og energi.

– Eg ønskjer å bruke det eg har lært. Eg er ein pratsam fyr som har gjort det godt som telefonseljar, så kvifor ikkje foredrag? Eg får lett respons når eg snakkar. Saka er alvorleg, så då er det morsomt at verktøya er enkle.

Dei tre verktøya er fysisk aktivitet, rutinar og sosiale rammer.

– Ein startar med å lufta tankane. Dette er grep folk veit om, men av og til treng dei å høyre at nokon har hatt det skikkeleg kjipt og benyttar seg av dei, smiler han.