Fleire oppsøkjer overgrepsmottaket

I fjor oppsøkte 18 prosent fleire enn året før Overgrepsmottaket i Oslo. Overlege trur merksemda mellom anna «Skam» har gjeve, har noko av æra for det.

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire oppsøkjer overgrepsmottaket

520 oppsøkte overgrepsmottaket i Oslo i fjor, mot 440 året før, skriv Dagsavisen.

– Medieomtale, annonsekampanjar og det offentlege ordskiftet kan byggje ned tabu og myter om overgrep, slik at det vert lettare å snakke om det, definere kva ein har vore utsett for, og søkje hjelp etter slike hendingar, også når det berre er mistanke om at overgrep kan ha skjedd. Serien «Skam» som vart mykje sett av unge, demonstrerte dette tydeleg, seier overlege Helle Nesvold ved Overgrepsmottaket i Oslo, til avisa.

52 prosent av dei som fekk behandling ved Overgrepsmottaket var mellom 16 og 24 år. I tillegg var 5 prosent, 28 personer, yngre enn 16 år. Nesvold fortel at aldersgruppa 16–25 år har fleire gongar så stor risiko for å verte utsette for overgrep, som dei som er eldre eller yngre.

Berre ti prosent søkjer hjelp

Mørketala er likevel store.

– Generelt veit me at delen som søkjer akutt hjelp er låg, kanskje berre 10 prosent, rekna ut frå tidlegare forsking. Det er difor viktig å byggje ned terskelen for kontakt, seier Nesvold.

Tre av fire overgrep skjer i samband med rus. Mottaket skriv i årsmeldinga si at «det ser ut som flere søker mottaket etter overgrep som skjer i forbindelse med fest/nachspiel/overnatting/dating».

– Forsking viser klar samanheng mellom å verte utsett for skadar og seksuelle overgrep og rusmidler/alkohol og tilgang til dette, seier Nesvold til avisa.