SV og MDG gjer eit brakval blant barn og ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 11.09.2017 20:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom barn i 5. til 10. klasse fekk bestemma, ville Jonas Gahr Støre (Ap) blitt statsminister. Ap, SV og Senterpartiet ville fått 88 plassar på Stortinget. SV gjer det òg bra på meiningsmålingane blant dei vaksne, men blant barn og ungdom er partiet no det tredje største.

Det viser resultata frå det første barnevalet noko sinne i Noreg, i regi av Redd Barna.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet med støttespelarane Venstre og KrF ville fått 67 mandat, mens Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) ville fått heile 14 plassar.

Frp og Senterpartiet er dei partia som gjer det dårlegast, samanlikna med korleis dei gjer det på meiningsmålingane blant dei eldre veljarane.

Over 60.000 barn deltok i valet. Sjå resultat frå fylket ditt her!

– Det er utruleg kult at me får så gode resultat, seier Anna Sofie Ekeland Valvatne (19) i SV.

– Det er utruleg kult at me får så gode resultat, seier Anna Sofie Ekeland Valvatne (19) i SV.

Kan bli yngst på Stortinget

SV fekk 13,5 prosent i Barnas valg i Hordaland. Med partileiar Lysbakken i ei ny raudgrøn regjering, ville i så fall Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV) frå Stord fått plass på Stortinget.

19-åringen er fjerdjekandidat for SV i fylket, og kan bli tidenes yngste stortingsrepresentant dersom det blir eit brakval for SV.

– Det er viktig at unge i Hordaland har eit viktig stemme i Stortinget. Politikk handlar om å prioritera, og me prioriterer barn og unge framfor store skattelette, seier ho.

LES OGSÅ: SV mest fram i skulevalet

60.000 born har stemt i Noregs første nasjonale val for born og unge. Grafikk: Redd Barna

– Kviler eit stort ansvar på Arbeidarpartiet

Gunvor Knag Fylkesnes, politisk leiar i Redd Borna, er overvelda over talet på stemmer i valet for 5.-10-klassingane.

– Talet på stemmer er eit tydeleg signal på at borna òg vil seia si meining om korleis Stortinget bør sjå ut. Barn frå alle fylke i Noreg har stemt, og me har sett stort engasjement og interesse frå både barn og lærarar, seier ho i ei pressemelding.

– At så mange tusen born no har røysta i Barnas val, kan ikkje ignorerast. Det kviler eit ekstra stort ansvar på Arbeidarpartiet som fekk flest røyster. Dei må lytta til barn meir enn dei gjer i dag, og føra ein politikk som er til beste til barn, seier Knag Fylkesnes.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar