Forskar: Valet viser gryande generasjonskløft

Skulevala var mykje raudare og grønare enn resultatet i stortingsvalet. Det kan bety at vi ser starten på ei generasjonskløft i politikken, meiner forskar.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skuleval pleier å gi gode indikasjonar på valvinden. Det gjorde dei ikkje i år. Ungdommane stemte mykje grønare og raudare enn det som vart resultatet i stortingsvalet, seier forskingsleiar Guro Ødegård ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Det vil ta noko tid før dei eksakte tala for deltakinga blant dei unge og analysar av korleis dei stemte ligg føre.

Men Ødegård meiner skulevala kan vere teikn på ei gryande generasjonskløft i politiske preferansar.

– Det handlar om dei store spørsmåla. Globale forhold som klima, folkevandringar, flyktningar og terror – mot meir nasjonalorienterte spørsmål.

Gjennom sosiale medium kjem verda mykje tettare på, og det kan sjå ut til at ungdommane er meir opptatt av dei store spørsmåla enn foreldregenerasjonen. Slik 68-generasjonen var ein protestgenerasjon – opptatt av kvinnekamp og motstand mot Vietnamkrigen, minner Ødegård om.

Ho seier at valdeltakinga blant unge på 80- og 90 talet var relativt låg.

– Dette endra seg etter 22. juli- terroren i 2011. Terroraksjonen utløyste ei stor mobilisering blant dei unge. Det er mogleg ein no ser ei større politisk generasjonskløft i stemme- og partipreferansane. Det handlar om politiske vegval og ei ny type skiljelinjer, meiner Ødegård.

Verdiar som blir forma i ungdomsåra har ein tendens til å følgje personen seinare i livet.

– Så dette kan fortelje noko om kva vi har i vente, seier ho.

LES ALT OM STORTINGSVALET HER!