Derfor har retorikk blitt eit tema i denne valkampen.
Bjørg Myhre Ims
Bjørg Myhre Ims

Det har vore mykje snakk om retorikk denne valkampen. Og mange spør korfor dette er så viktig. Retorikk er viktig, fordi språk er makt! Språk seier noko om korleis vi forstår verkelegheita og verda rundt oss.

Det er nemlig slik at dersom ein gjentek noko mange nok gonger, blir det ei språkleg samanheng som skaper assosiasjon. Prøv å seie «Ole, Dole» utan å tenke på Doffen. Prøv å seie «Ibsen, Bjørnson, Kielland» utan å tenke «og Lie».

Dei siste fire åra har regjeringsmedlem sagt «Papirlause og andre kriminelle» så mange gonger, at vi assosierer det å vere «papirlaus» med kriminalitet. Men kva er eigentleg ein «papirlaus»? Det er ein person utan identitetspapir.

Papirlause og kriminelle

Det er eit problem for mange av dei som er ramma av krig og katastrofe at dei kjem frå ein kultur der det vestlege systemet med idententitetspapir, pass og legitimasjon ikkje er så viktig. Dette gjeld mange av dei nordafrikanske bondesamfunna. Dei har eit anna forhold til papir, fødselsdato og kalender enn vi i den vestlege kulturen. Det er ikkje fordi dei er kriminelle, men fordi dei kjem frå u-land.

Vi skal ikkje meir enn 100 år tilbake i tid, før norske bønder ville sett spørjande ut, dersom dei hadde blitt spurd om å vise fødselsattest. Og dersom bestefaren din ikkje hadde pass og fødselsattest, kva kan du gjere med det nå, mange tiår seinare? Klarer vi å snu på det og sjå kor absurd kravet om papir for å få beskyttelse eigentleg må vere, for dei som kjem frå ein bondekultur i Libya eller ein nomadekultur i Somalia?

For fire år sidan gjekk dei blå-blå til val på at dei skulle sende kriminelle ut av landet. Dette har vist seg å vere vanskeleg, fordi det er mange kriminelle som ikkje lar seg returnere. Sjå bare på Mullah Krekar: Etter at Siv Jensen i eit tiår har snakka om kor viktig det er å få han ut av Norge, har ho ikkje klart å returnere han. Det er nemlig slik at heimlandet må ta i mot kriminelle.

Dei sender ut papirlause småbarnsfamiliar fordi bestefaren deira var «kriminell» by association.

I og med at det har vist seg å ikkje bare vere enkelt å returnere kriminelle, har regjeringa vore nøydt til å gjere noko for å omdefinere omgrepet. I staden for å seie «Sorry, vi tabba oss ut. Det er ikkje så lett å returnere kriminelle flyktningar», har dei inkludert papirlause i kriminalitetsomgrepet og begynt å sende ut barnefamiliar fordi dei høyrer til gruppa «papirlause og andre kriminelle». Dei sender til og med ut papirlause småbarnsfamiliar fordi bestefaren deira var «kriminell» by association.

Kor stort er eigentleg problemet med flyktningar utan pass? Ifølgje SSB er det 894 statslause innvandrarar i Norge. Det er like mange menneske som det er elevar på dei store skulane i Oslo. Og likevel snakkar representantar for Solberg-regjeringa som om vi blir invadert av straumar av papirlause – og dermed kriminelle – flyktningar. Sanninga er at dette er eit marginalt problem.

Muslimar og IS

Det same språklege grepet gjer dei som snakkar om muslimar, terroristar og IS-medlem. Av 1,5 milliardar muslimar i verda, er det 30.000 medlem i IS. Vi skal ikkje undergrave trusselen frå IS. Men IS er ein organisasjon som utgjer 0,002% av verdas muslimar. Til samanlikning utgjer Jehovas Vitne 0,4% av verdas kristne. Det er altså 200 gonger fleire kristne som er Jehovas Vitne-medlem enn det er muslimar som er IS-medlem.

Kva ville du tenkt om nokon sa at vi må passe oss for nordmenn, for Norge er eit kulturelt kristent land og det er stor sjanse for at ein nordmann er Jehovas Vitne? For det er det integreringsministeren vår gjer, når ho lager assosiasjonar mellom syriske flyktningar i nød og IS og terroristar. Mange vil svare på slike argument, med å seie «ok, alle muslimar er ikkje terroristar, men dei fleste terroristar er muslimar».

Det er ikkje meir enn seks år sidan vi i Norge blei rysta av eit terrorangrep. Siv Jensen var snar til å gå ut og seie at ingen skulle «slå politisk mynt» på at gjerningsmannen var tidlegare FrP-medlem. Tenk om vi hadde gjort den same språklege koplinga som innvandrings- og integreringsministeren vår gjer og begynt å seie «Anders Behring Brevik og andre FrP-sympatisørar»? Eller, for å bruke det same språklege grepet som mange bruker i kommentarfeltet: «Ok, alle tidlegare FrP-medlem er ikkje terroristar, men alle norske terroristar har tilhøyrd FrP!» Det er jo til og med heilt sant!

Vi gløymer at IS utgjer ei mindre gruppe av den muslimske befolkninga enn Jehovas Vitne utgjer av den kristne.

Det er ikkje samanliknbart, seier mange debattantar. For alle veit at gjerningsmannen den 22. juli var ein enkeltperson. Og det stemmer. Han var ein enkeltperson.

Islamistiske terroristar er òg enkeltpersonar. På same måte som FrP-sympatisørar flest  ikkje vil assosierast med Anders Behring Brevik, vil ikkje muslimar flest assosierast med IS.  Og akkurat dette er faktisk samanliknbart. Vi gløymer at IS utgjer ei mindre gruppe av den muslimske befolkninga enn Jehovas Vitne utgjer av den kristne.

Etablerte sanningar

Dei siste fire åra har det blitt stovereint å seie at fordi nokon terroristar er muslimar, skal alle muslimar og papirlause bli utsette for ei mistenkeleggjering, som resten av befolkninga slepp. Tenk om vi snudde på denne retorikken: Anders Behring Brevik har vore FrP-medlem, derfor skal alle FrP-medlem bli fråtatt fridom, menneskerettar skal settast til side og dei skal fengslast utan dom. Tenk om representantar frå Justisdepartementet skulle gått ut og erklært ei stor gruppe menneske «guilty by association» fordi dei på eit tidspunkt hadde vore medlem av same parti som ein terrorist?

Språket vi bruker er med på å definere korleis vi forstår verkelegheita. Og nettopp derfor har retorikk blitt eit tema i denne valkampen. Gjennom språk definerer den sitjande regjeringa nye sanningar. Dei siste fire åra har justisdepartementet, ved Sylvi Listhaug, gjentatt «papirlause og andre kriminelle» og «muslimar og IS-terroristar» så mange gonger, at det har blitt ei sanning. Det har blitt etablert ein språkleg samanheng mellom desse orda, og det har blitt heilt naturleg å assosiere muslim med IS og papirlaus med kriminell.

For meg er det heilt uaktuelt å bruke stemma mi for å støtte eit av dei partia som stillteiande har gjort det mogleg å etablere denne typen sanningar.

Oppdatert: torsdag 7. september 2017 11.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE