Ulike mål, like middel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde aldri me skulle oppleva noko slikt som det Anders Behring Breivik gjorde. Aldri, seier professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), Bernt Hagtvet.

Saman med historikarane Øystein Sørensen og Bjørn Arne Steine, også frå UiO, ga han i slutten av august ut antologien Ideologi og terror, berre ein drøy månad etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya.

– Føremålet med boka er å diskutera det totalitære islam sett i høve til klassiske totalitære regime, seier Hagtvet.

Han ser klare linjer gjennom historia. Totalitarisme er eit altomfattande verdssyn, ein meiner å kjenna den einaste sanninga. Haldningane finst i ulike fargar langs den politiske skalaen, og såleis finst likskapar mellom islamistar på den eine sida og høgreekstreme på den andre. Måla er ulike, felles er at dei er villege til å gjera alt for å oppnå dei.

Overveldande sanning
Målet er så stort, så overordnet alt annet, at det ikke kan være noen moralske eller ideologiske sperrer for hva slags virkemidler som er legitime for å nå det, skriv Øystein Sørensen i sitt bidrag til «Idelologi og terror».

Dei mest kjende totalitære regima i historia er Hitler sitt Tyskland og Sovjetunionen under Stalin. I dag ser Hagtvet islamismen som den viktigaste totalitære rørsla. Men også einskildindivid kan vera totalitære.

– Anders Behring Breivik meiner å sjå ei overveldande sanning. Han gjer kva som helst. Frelsesvisjonen er som hjå Hitler, samstundes er han ein gjennomgåande narsissist. Han skal redda verda.

Skiftande tendensar
Totalitære haldningar legg altså grunnlaget for terrorisme, men både fokus og metodar varierer.

– På 1980-talet fekk ein ei omskifting i europeisk høgreekstremisme. Rasisme var for primitivt, og ein fekk i staden kulturfascisme, seier Hagtvet.

Dette innebar fokus på europeisk kultur som overlegen alt anna. Kristendommen som overlegen islam, det reine over det skitne.

– Det ga rom for nærare kontakt med europeiske høgreparti, seier Hagtvet, som synest det er interessant å merka seg tilbakegangen Framstegspartiet (Frp) opplevde ved kommune- og fylkestingsvalet nyleg.

– Det er neppe tilfeldig. Dei fekk ikkje høve til å spela ut innvandringskortet i valkampen, seier Hagtvet.

Kanskje ber også terrorhandlingane 22. juli bod om noko nytt.

– Det Anders Behring Breivik har gjort er eit kvantesprang i europeisk terrorisme. Ingen har tidlegare skote så mange menneske andlet til andlet, seier Hagtvet.

Høgre- og venstreorientert terrorisme er vanlegvis retta mot embetspersonar eller bygningar, ikkje mot ungdom og andre uskuldige.

At terroristen kan ha operert åleine har òg vekt oppsikt.

– Individuell terrorisme kan vera ein ny tendens. Det er skremmande at kjernefysiske og kjemiske våpen kan verta allment tilgjengelege, seier Hagtvet.

Vegen vidare
Hagtvet meiner me no står overfor eit vegval i Vesten. Me må avgjera om me ynskjer militærstatar med strengare kontroll eller rettstatar. Sjølv er han klar på at me må satsa på det siste.

– Snart har grunnlova vår 200-årsjubileum. Eg håpar 17. mai-feiringa no kan stikka djupare, at me vil stå opp for verdiane våre, seier Hagtvet.

Utfordringa no er korleis me som nasjon skal forstå og takla Anders Behring Breivik.

– Me må ikkje sjukeleggjera han. Manifestet må møtast intellektuelt, moralsk og politisk, og det må dissekerast som det gjørmebadet det er, seier Hagtvet.

GÅ TIL TEMASIDA VÅR OM TERRORÅTAK 22/7!

Han har sjølv lese delar av manifestet, og skildrar det som primitivt.

– Det hadde stryke til grunnfag, kommenterer Hagtvet.

Han håpar studentar vil lesa Ideologi og terror.

– Det høyrer med til moralsk og intellektuell danning for alle å kjenna undersida av den vestlege sivilisasjonen, meinar Hagtvet.

– Trur du 22. juli kjem til å henda på ny?

– Det har ikkje eg grunnlag for å meina meir om enn deg, men forskarane påpeikar ein tendens til ideologisk smitte, seier Hagtvet.

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Faktaboks

Ideologi og terror – totalitære ideer og regimer
– Antologi redigert av forskarane Bernt Hagtvet, Øystein Sørensen og Bjørn Arne Steine
– Utgjeve på Dreyer forlag
– Presenterer hovudsynspunkt i nyare forsking om totalitære rørsler, ideologiar og regime