Onora O’Neill får Holbergprisen 2017.

mm
Faktaboks

Baronesse Onora O'Neill av Bengarve (f. 23. august 1941 i Nord-Irland) får Holbergprisen 2017.

Professor eremita i filosofi ved University of Cambridge.

Forfattar av fjorten bøker, mellom dei «Constructions of Reason» (1989) og «Bounds of Justice» (2000).

Partiuavhengig representant i det britiske Overhuset sidan 1999.

Tidlegare president i British Academy og leiar av den britiske menneskerettskommisjonen.

 

Holbergprisen har blitt delt ut ved Universitetet i Bergen kvart år sidan 2004.

Prisen er på 4,5 millionar kroner, og går til ein forskar innan humaniora, samfunnsvitskap, teologi eller juss.

Tidlegare vinnarar er mellom andre Jürgen Habermas, Ronald Dworkin, Bruno Latour og Marina Warner.

LES FAKTALUKK FAKTA

Holbergprisen er noko av det næraste du kjem ein «Nobelpris» innan humanistiske fag. I dag kunngjorde styreleiar Sigmund Grønmo at årets pris går til den nord-irske filosofen Onora O’Neill (75).

O’Neill er kjend for å drøfta etiske dilemma omkring tema som menneskerettar, tillit, kommunikasjon og medisin. I tillegg til å ha vore professor ved universiteta i Essex og Cambridge, har ho sete i tallause offentlege utval og komitear i Storbritannia.

Ho er også innlemma i den britiske adelen, og som baronesse av Bengrave sit ho i dag i overhuset i det britiske parlamentet.

– Ville ha sagt opp
Med ein slik bakgrunn frå politisk teori og praksis, er det kanskje ikkje rart at ho nyleg fekk spørsmålet: Kva ville du ha gjort om du blei statsminister, president, generalsekretær i FN eller for den saks skuld dronning av verda?

Det kontante svaret hennar:

– Eg ville ha sagt opp, seier O’Neill, same kva posisjon ho blir tilbydd.

I intervjuet, som ligg ute på YouTube, understrekar O’Neill at ho meiner alvor, og utbroderer:

– Det finst folk overalt som sit i maktposisjonar utan å ha nokon særleg idé om kva i all verda dei skal gjera. Dei liker makta, men har sannsynlegvis mindre makt enn dei treng for å få til noko særleg, utan at dei er klar over det. Ein må vera realistisk.

«Dei burde gjera noko»
Filosofen åtvarar mot ønsketenking innan politikken, og illustrerer poenget sitt med ei anekdote om ein gong ho stod og skulle kryssa over ein trafikkert veg. Ei eldre dame som stod ved sidan av henne, klaga på trafikken og sa: Dei burde gjera noko med det.

– Når ein ser politikk utanfrå, er det veldig lett å seia «dei burde». Eg trur derimot at det me skuldar medborgarane våre er å peike på dei mykje meir praktiske spørsmåla som det går an å svara på.

– Etter at du har tatt stilling til  kva som er det rette å gjera, må du ta stilling til om det er gjennomførbart. Kven kan gjera det? Korleis skal det gjerast? Kva kostar det? Og kva må me gi opp for å kunna gjera det me meiner er rett? Same kva sak det gjeld, må du stilla dei realistiske spørsmåla.

LES OGSÅ: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om, seier amerikansk filosof

Prinsipp og verktøy
O’Neill er elles kjent for arbeidet sitt med tenkinga til Immanuel Kant (1724–1804), som mellom anna filosoferte om menneskerettar og internasjonalt samarbeid i tida rundt den franske revolusjonen.

– Noko av det interessante med Kant er at han var ein stor realist når det gjaldt kva politikken krev. Ja, du treng prinsipp som definerer kva som burde gjerast, men også realisme om korleis det skal gjennomførast – korleis det skal setjast i verk og handhevast, seier O’Neill i intervjuet, og held fram:

– Det er grunnen til at eg ikkje har noko å seia viss nokon seier, i eit mareritt for meg, at eg er den nye generalsekretæren i FN. Det einaste eg kan gjera, er å seie opp. Generalsekretæren er i ein posisjon der det finst enorme forventingar, men han har ikkje verktøya til å levera på det folk ønskjer.

– Politikk er «jolly hard»
Behovet for realisme har vore eit viktig tema i O’Neills arbeid med menneskerettar. Der har ho peikt på at det ikkje gir meining å seia at nokon har rett til noko om det ikkje går an å peika på nokon som har ei plikt til å oppfylla retten, og som kan haldast til ansvar.

Men mange statar og andre institusjonar manglar i dag verktøya til å kunna oppfylla dei luftige ønska folk kjem med, meiner O’Neill.

Ho konkluderer slik:

– Politikk er «jolly hard». Eg har all sympati for folk som prøver å gjera det og som gjer det godt, men ikkje når dei er urealistiske og nøyer seg med symbolhandlingar.

Les også intervjuet med Stian Ersvær, som vann bronse i filosofi-OL i 2012!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

ANNONSE