Fleire yrkesfagelevar får læreplass
Den 1. september har 2.600 fleire elevar fått læreplass enn for fire år sida, viser førebelse tal. Det er ein auke på over 30 prosent.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er gode nyhende. Etter fleire år med satsing på å skaffe fleire læreplassar, er vi glade for at utviklinga no går rett veg og at fleire elevar får høve til å fullføre opplæringa i ei bedrift. Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Det er Utdanningsdirektoratet som har lagt fram dei førebelse tala. 1. september i år har 10.400 yrkesfagelevar fått læreplass. Det er ein auke på over 30 prosent samanlikna med same tidspunktet i 2013 då 7.781 hadde fått læreplass.
LES OGSÅ: Her har samtlege elevar læreplass
Det er store forskjellar mellom fylka når det gjeld kor mange av søkarane som har fått læreplass. I Hedemark, der flest har fått plass, har 57 prosent av søkarane fått læreplass. I Østfold står færrast utan plass, der har førebels 16 prosent fått læreplass. Framleis ventar mange yrkesfagelevar på å få læreplass innan nyttår. I januar kjem oversikta som viser kor mange som har fått læreplass dette skuleåret.
Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er 980 fleire elevar som har søkt om læreplass i år enn i fjor.
LES OGSÅ: Desse utdanningane ser bedrifter etter