Samtlege TIP-elevar med læreplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2017 11:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har samtlege TIP-elevar læreplass

Saka var først publisert på Ryfylke.net.

Til hausten startar elevane den toårige læretida hos ulike bedrifter, og fleire av dei har i løpet av våren fått tilbod frå både to og fleire bedrifter, som ønsker dei på sin arbeidsplass.

Bak sveiseapparatet på verkstaden sit André Leirvik, som har fått læreplass i Statkraft i heimkommunen. Der vil han jobbe relatert til vasskraft, med hovudvekt på overhaling av pumper og turbinar.

– Eg gler meg til å starte, og det blir godt å vere ferdig med skule. Eg har vore der på utplassering og likte det godt. Det er ganske variert arbeid og ikkje langt frå Erfjord, kor eg er frå, seier han.

Kristina Grimaas Bakkedal er ein annan elev som går industriteknologi. Til hausten startar ho hos Statoil på Kårstø, etter å ha komme gjennom både eitt og to uttak og vore på intervju hos olje- og gassgiganten.

– Eg søkte eigentleg bare for å søke. Eg blei kalt inn på intervju, men rekna ikkje med å få plass, så det er veldig kjekt. Det blir spanande å sjå korleis det fungerer i arbeidslivet, for det er noko heilt anna enn verkstaden her på skulen, seier Bakkedal.