Bruken av nynorsk i staten stuper under Solberg-regjeringa

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 var 26,3 prosent av stortingsdokumenta på nynorsk. Fire år seinare er delen berre 16,8 prosent, skriv NRK.

25 prosent av alle statlege dokument skal vere på nynorsk. Språkrådet deler inn i fire kategoriar: stortingsdokument, sosiale medium, dokument under 10 sider og dokument over 10 sider.

Språkrådets oppteljing viser at dei som er dårlegast til å bruke nynorsk er Forsvarsdepartementet (5 prosent) og Utanriksdepartementet (2,3 prosent). Berre tre av departementa kjem over 25-prosentgrensa.

Utanriksdepartementet legg seg flate og seier dei vil drøfte korleis dei kan utarbeide klare planar for målbruken.

– Vi ser for eksempel for oss at fleire stortingsdokument bør vere på nynorsk, skriv kommunikasjonsrådgjevar i UD Marte Lerberg Kopstad til NRK.

To statsrådar med nynorsk hovudmål

Statsministerens kontor tronar øvst på skalaen, med ein nynorskbruk på 33,5 prosent.

Det finst fleire dokument over ti sider på nynorsk no enn i 2012, men også her går prosentdelen ned frå 2015 til i fjor.

– Vi opplever ingen vond vilje. Men i kvardagen kan det vere lett å gløyme å bruke den andre målforma, seier seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.

Det er berre to statsrådar i regjeringa som brukar nynorsk som hovudmål: olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).