Framleis vanskeleg å lesa politiske program – men eitt parti brukar lettare språk enn resten

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette partiet har det mest lettlesne partiprogrammet

– Det er eit viktig demokratisk prinsipp at folk skal få tilgang til informasjon om kva partia vil, på enklast mogleg måte, seier SV-politikar Snorre Valen.

Han blir veldig glad når han får høyra at SV har det mest lettlesne politiske programmet av alle partia. Valen var leiar for programkomiteen som laga forslaget til nytt partiprogram, og fortel at det var eit viktig mål for dei at programmet skulle vera lett å lesa.

– Me ønskte både eit enkelt språk og at programmet skulle bli kortare enn det har vore tidlegare, skriv han i ein epost.

Like vanskeleg som før

I år som i fjor har me brukt ein såkalla liks-kalkulator til å undersøka språket i partiprogramma. Lesbarheitsindeks (liks) er eit mål på kor lett eller vanskeleg språket er i ein tekst: Jo fleire lange ord og setningar det er i teksten, dess høgare liks.

I fjor fann me ut at dei politiske partia brukar eit gjennomgåande vanskeleg språk når dei skal fortelja om politikken sin. Alle programma hadde ein liks-verdi på mellom 47 og 51, som er på grensa mellom det som er rekna som eit middels vanskeleg og vanskeleg språk.

I år har alle partia lagt fram nye program til stortingsvalet. Sjølv om fleire og fleire politikarar har byrja å snakka om kor viktig det er med klarspråk i staten, viser gjennomgangen vår at dei ikkje har skjerpa seg i sin eigen språkbruk:

Gjennomsnittleg liks-verdi i dei nye programma er 48,6. Det er nesten nøyaktig det same som sist. (Sjå språkdøme frå programma nedst i saka.)

– Demokratisk problem

«Verstingane» er også dei same som sist: Framstegspartiet og Miljøpartiet dei Grøne har i gjennomsnitt litt tyngre språk enn resten av partia i sine program.

Det partiet som skil seg litt ut i positiv retning, er altså SV. Deira program har ein liks på 46.

Generalsekretær i Dysleksi Norge, Cathrine Solem, oppmodar alle politiske parti om å bruka eit tilgjengeleg språk. Foto: Dysleksi Norge

Ifølgje Dysleksi Noreg har 1 av 5 nordmenn så store lesevanskar at dei har problem med å lese ein vanleg avisartikkel. Desse vil også slite ekstra med å lese partiprogramma.

– Når språket i partia sine program er så vanskelig at store deler av folket ikkje får det med seg, er det eit demokratisk problem. Partia vil vel at folk skal forstå kva dei meiner, så dei har alt å vinne på å fokusere på eit lettare og meir tilgjengeleg språk, sa generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Noreg til Framtida.no i fjor.

Forresten: Denne teksten har ein liks på 36.

Språkdøme

Her er eit døme på tungt språk i partiprogrammet til Frp. Dette avsnittet har ein liks på 70:

«Når statlig eierskap utøves av regjeringen, via statsråder eller statsrådens valgte representant, kan det føre til misbruk av markedsmakt og skape usikkerhet om hensikten er politisk eller økonomisk gevinst. Så lenge eierskapet er direkte politisk styrt, og ikke skilt ut i en fondsmodell med profesjonell forvaltning, må det for alle statlige bedrifter bli gjort klart om eierskapet har et politisk styringsformål eller et finansielt avkastningsformål.»

Og så eit døme på lettlese språk. Dette avsnittet frå programmet til SV har ein liks på 30:

«SV ønsker en sterk sosial boligpolitikk og tiltak som kan stoppe boligspekulasjon. Hensikten med boligpolitikken må være at alle skal ha et trygt hjem. Da må det offentlige ta ansvar for at det bygges
flere boliger som dekker de reelle boligbehovene. De som leier bolig, skal også være sikret trygge forhold og gode boliger.»

Her finn du partiprogramma:

PS: Alle partia har også ulike brosjyrar og infotekstar på nett som typisk har lettare språk enn partiprogramma. Programma er dei dokumenta som forklarer politikken mest utfyllande og som politikarane er mest forplikta på. Difor er det dei me har sett på her.

PPS: Lesbarheitsindeks er eit kvantitativt mål, som gir ein indikasjon på kor lett eller vanskeleg ein tekst er å lesa. Ein ulempe med dette målet er at det ikkje seier noko om kor presist og godt språket er. Fordelen er at det er objektivt og lett å bruka på større tekstar.

Fakta

Gjennomgangen er basert på utdrag på minst 4.500 ord frå ulike kapittel i partiprogramma for 2017–2021. Me har brukt denne liks-reknaren.

 

Gjennomsnittleg tal ord per setning og liks-verdi i programma for kvart parti:

Ap: 15,1 / 47
H: 16,2 / 50
Frp: 15,3 / 51
KrF: 17,6 / 50
Sp: 15 / 48
V: 15,8 / 48
SV: 15,3 / 46
MDG: 18,6 / 51
(Tala er usikre.)

 

Forklaring på LIKS-verdiar:

Under 30: Veldig lettlese
30-40: Lettlese
40-50: Mellomvanskeleg
50-60: Vanskeleg
Over 60: Veldig vanskeleg