Valet er oppskrytt. Her er seks andre måtar å gjera verda til ein betre stad på


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er den draumen me ber på: At valkampen snart skal vera over. fAt partireklamen skal bli borte. At meiningsmålarane skal gi seg, at dei politiske kommentatorane skal roa seg. At me ei morgonstund skal glida inn på ein våg der det ikkje står ein politikar og ventar med løpesetlar og roser.

Etter at politikar etter politikar har skala av seg det dei måtte ha av sjølvrespekt med personåtak og dumme stunts, medan media har gjort sitt beste for å få folk til å mista interessa, kjennest det mest av alt som at valkampen har gjort det vanskelegare å finna nokon det faktisk er verdt å gi røysta si til.

Raudt-leiar Bjørnar Boxnes pushar løpesetlar på Grünerløkka.

Raudt-leiar Bjørnar Boxnes pushar løpesetlar på Grünerløkka. Foto: Brage Aronsen / Raudt / CC BY.

Samstundes har me, i år som før, blitt tuta øyrene fulle med kor viktig dette valet er, og kor viktig det er å bruka røysteretten. Dette valet er eit retningsval, eit verdival, eit avgjerande skjebneval for Noreg – difor er det ekstra viktig at akkurat du røystar, akkurat i år.

¯\_(ツ)_/¯

Og ja, det er bra å slutta opp om demokratiet og bruka røysteretten. Men her er greia: Om du røystar, og kva du røystar, har uansett ikkje så mykje å seia i den store samanhengen.

Tipset mitt er difor å ta litt lettare på valet, og heller bruka litt meir krefter på andre måtar å ta ut engasjementet for dei viktige sakene på. Det finst mange andre ting du kan gjera som enkeltmenneske som påverkar samfunnet meir enn kva røystesetel du legg i valurna.

Det betyr ikkje at det ikkje er noko som står på spel i valet, eller at alle røyster er bortkasta. Valet er jamt, og viss alle som les denne artikkelen bestemmer seg for å røysta på eitt parti, er det tenkjeleg at det kan ha ein viss effekt. Men no snakkar eg ikkje til alle som les denne artikkelen. Eg snakkar berre til deg.

Sanninga

Og realiteten er at di røyst ikkje kjem til å påverka politikken som blir ført etter valet. Om du røystar MDG eller Frp kjem ikkje til å påverka kor mykje CO2 som blir slept ut neste år. Om du røystar SV eller KrF kjem ikkje til å påverka kor mange barn som går på skulegudsteneste før jul. Om du røystar Høgre eller Ap kjem ikkje til å påverka kven som blir statsminister.

Leiande politikarar frå MDG, SV, Raudt og Venstre på klimamarsj i Oslo sentrum.

Leiande politikarar frå MDG, SV, Raudt og Venstre på klimamarsj i Oslo sentrum. Foto: Svein Gunnar Kjøde / Miljøpartiet dei Grøne / CC BY-SA

Sjansen er minimal for at éi røyst skal avgjera valresultatet – heldigvis. Om du faktisk vil utgjera ein forskjell, bør du difor heller byrja med ditt eige liv og ditt eige vesle hjørne av verdssamfunnet.

Her er seks forslag:

  1. Kutt klimagassutsleppa dine. Du har høyrt det før, men ein god start er å reisa mindre med fly og å eta mindre kjøt. Kvar gong du vel vegetarmat eller ein meir miljøvenleg reisemåte, bidrar du til litt lågare utslepp. Ikkje berre gjennom den direkte effekten, men også ved at du påverkar marknaden slik at det blir lettare også for andre å velja miljøvenleg.
  1. Reduser avfallet ditt. Avfall, særleg plast, er bokstavleg talt eit veksande problem, og du kan enkelt bidra ved å vera medviten på forbruket ditt. Det går an å droppa varer med unødvendig mykje emballasje i butikken, og det går an å ta med termokopp på kaféen i staden for å kjøpa pappkoppar med plastlok heile tida.
  1. Gi pengar til bistand. Sjølv små bidrag kan redda liv. Det finst mange gode formål å gi til, men for å vera sikker på at pengane gir nytte, er det smart å gi via Stiftelsen Effekt på gieffektivt.no. Dei fordeler pengane vidare til tiltak som har dokumentert god effekt, til dømes myggnett mot malaria som kan redda millionar av liv i Afrika.
  1. Støtt ein god idé. Folkefinansiering eller crowdfunding blir ein viktigare og viktigare pengekjelde for nye gründeridéar. På nettsider som kickstarter.com og bidra.no finn du flust av initiativ du kan bidra til å få realisert, frå villmarksterapi for ungdom til bokutgjevingar og bistandsaksjonar. Kanskje du også blir inspirert til å skapa din eigen idé?
  1. Meld deg som frivillig. Mange viktige velferdsoppgåver i dette landet blir drive på frivillig basis i sivilsamfunnet, og din innsats kan hjelpa mange. På frivillig.no finn du tusen små og store oppdrag over heile landet, frå å steika mjelkekaker i Kvam til å gjera grafisk design på Nesodden.
  1. Engasjer deg. Det finst enormt mange organisasjonar å velja i, frå kulturforeiningar som lagar viktige fritidstilbod til ungdomsparti som lagar morgondagens politikk. Oversikta over medlemsorganisasjonar i LNU er ein god plass å starta; dei fleste universitet og høgskular har også oversikt over kva som finst av studentorganisasjonar.

Di greie

Ingen kan gjera alt, og du må finna di greie. Gjer du berre noko av dette (eller noko heilt anna som ikkje er med på lista!) kan du med godt samvit trekka litt meir på skuldrene av heile valet. Stem på eit parti du ikkje mistar nattesøvnen av, eller stem blankt om du ikkje er nøgd med nokon av alternativa.

Og vit at det du gjer i kvardagen betyr meir enn det du gjer på valdagen.