Presidentvalkampen i USA avslører dei grunnleggjande problema med demokratiet, meiner filosof Jason Brennan. Han vil flytta makta til dei som har peiling.
mm
Faktaboks

Jason Brennan har doktorgrad i filosofi og er førsteamanuensis i strategi, økonomi, etikk og politikk ved Georgetown University i USA.

Against Democracyer den åttande boka hans, og er gitt ut på Princeton University Press.

Blant dei tidlegare bøkene hans er Markets Without LimitsWhy Not Capitalism? og The Ethics of Voting.

Bloggar på Bleeding Heart Libertarians.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Viss me berre hadde veldig opplyste borgarar som røysta, ville me sannsynlegvis hatt to mykje betre kandidatar som fremja mykje betre politikk, seier den amerikanske filosofen Jason Brennan i eit epostintervju med Framtida.no.

Han meiner presidentvalkampen, og særleg kandidaturet til Donald Trump, er symptom på grunnleggjande problem ved demokratiet som styreform. I den ferske boka Against Democracy argumenterer han i staden for epistokrati: eit styresett der dei som har mest politisk kunnskap, også har mest politisk makt.

I eit slikt system ville aldri Trump blitt presidentkandidat, meiner Brennan.

– Veljarar med mykje informasjon har systematisk andre politiske preferansar enn veljarar med lite informasjon. Opplyste veljarar har ein tendens til å avvisa politikken til Trump: dei er positive til handel, innvandring, reform av rettsvesenet og så vidare.

LES OGSÅ: – Mange nordmenn truleg har ei betre forståing av amerikansk politikk, enn mange amerikanarar

– Systemet bryt saman

Årets presidentvalkamp i USA er den mest opprivande i manns minne, og har vekt store reaksjonar verda over. Mange trekk parallellar mellom støtta til Trump og populistiske valvindar i resten av verda, inkludert Brexit-røystinga i Storbritannia og framveksten av høgrepopulistiske parti i Europa.

Brennan meiner det grunnleggjande problemet er at demokratiet gir alle politisk makt, uavhengig av kunnskapsnivå.

– Trump har frå byrjinga henta støtta si blant populistiske, dårleg informerte veljarar. Vanlegvis har politiske parti hatt stor makt til å organisere politikken og redusere nokre av ulempene med populismen. Men, som me ser med Trump, og som me ser jorda rundt: Dette systemet, der elitane gir ei motvekt til offentlegheita, bryt saman.

Jason Brennan
– Folk ser med eigne auge at å berre gjera som folket vil, har sine ulemper, seier Jason Brennan, førsteamanuensis ved Georgetown University. Foto: Gage Skidmore / Flickr / CC BY-SA

LES OGSÅ: Demokraten Jeff: – Me kan ikkje ta demokratiet vårt for gitt

– Politikk er dårleg for oss

I oppkøyringa til presidentvalet 8. november, er det som vanleg brukt store ressursar på å folk til valurnene. Kjendisar stiller opp på rekkje og rad i håp om å få opp valdeltakinga, som ved sist presidentval i 2012 var på knapt 55 prosent.

Slike kampanjar er bortkasta, ifølgje Brennan, som på si side håpar på lågast mogleg valdeltaking og meiner at folk flest bør la vera å røysta.

– Det er to store grunnar til det: Me er dårlege på politikk, og politikk er dårleg for oss, seier han.

For det første argumenterer han for at demokratiet oppmuntrar folk til å dyrka sine verste fordomar framfor å gjera eit opplyst val etter ei grundig vurdering, fordi det er så forsvinnande liten sjanse for at ei enkeltrøyst påverkar valresultatet.

Politikk korrumperer

– Resultatet er at veljarane ofte ikkje anar kva dei snakkar om, dei kjenner ofte ikkje ein gong dei mest grunnleggjande fakta, og dei støttar ofte dårleg politikk.

Som om ikkje det var nok, meiner Brennan også at politikk gjer oss til dårlegare versjonar av oss sjølve.

– Empiriske studiar finn som regel at det å engasjera seg politisk gjer oss meir vondsinna, fordomsfulle, sinte og så vidare. Det opplyser oss ikkje, det korrumperer oss, seier han, og viser mellom anna til ein artikkel av Tali Mendelberg og ei bok av Diana C. Mutz som går gjennom den aktuelle forskinga.


Robert Downey jr. og Scarlett Johansson er blant kjendisane som stiller opp i reklamefilm for å få amerikanarane til å røysta.

LES OGSÅ: – Politikken er for kortsiktig

– Dårlege veljarar fortener forakt

Tilhengarar av demokratiet argumenterer ofte for at det er den einaste styreforma som byggjer på likeverd og gjensidig respekt mellom alle borgarar. Slike argument prellar av på Brennan.

– Fornærmar du ikkje folk, til dømes Trump sine veljarar, når du seier at dei er for uvitande til at dei burde få røysta?

– Viss nokon seier til meg at eg ikkje kan nokon ting om snekring, blir eg ikkje fornærma. Skuldinga er sann, og eg er vaksen. Kvifor ser me annleis på politikk? Me har ikkje magiske sanseorgan som automatisk gir oss kunnskap om politikk. Me kan måla kva folk veit, og me veit, utan tvil, at dei ikkje veit mykje.

Men kvifor er det eigentleg så farleg om nokon røystar utan å vera politiske ekspertar? Brennan minner om at det er mykje som står på spel i eit val, og meiner konsekvensane kan vera store.

– Dårlege veljarar tar vesentlege avgjerder som kan påføra andre stor skade og frårøva uskuldige folk liv, fridom og lukke. Når veljarar røyster uvitande og irrasjonelt, fortener dei vår forakt, seier han.

Churchill Displeased
– Det beste argumentet mot demokratiet er ein fem minutts samtale med ein gjennomsnittleg veljar, sa Winston Churchill, som også meinte at demokrati er den verste styreformen – bortsett frå alle andre me har prøvd. Foto: d_pham / Flickr / CC BY

LES OGSÅ: Er demokratiet berre ein fasade?

Kunnskapstest?

Å peika på uheldige utslag av demokratiet, er enkelt. Å klekkja ut eit godt alternativ, er vanskelegare. Brennan er samd med den tidlegare britiske statsministeren Winston Churchill i at dei andre styreformene me så langt har prøvd ut, er enno verre enn demokratiet – men han meiner det ikkje bør stå i vegen for å prøva ut nye styreformer som kan vera enno betre.

I Against Democracy presenterer han ei vifte av ulike forslag til korleis eit epistokrati kan sjå ut, mellom anna:

1.   Berre dei som er tilstrekkeleg kompetente eller opplyste får lov til å røysta

2.   Alle har røysterett, men dei som er meir kompetente eller opplyste får fleire røyster

3.   Alle har røysterett, men dei som røystar må ta ein kunnskapstest, og røystene blir vekta i samsvar med testresultata

– Å gjera som folket vil, har sine ulemper

Brennan meiner tida er mogen for å eksperimentera med slike løysingar, og at demokratiet må vurderast ut frå kor gode resultat det produserer. I tillegg til Trumps presidentkandidatur, er Brexit-røystinga ifølgje filosofen eit fersk døme på at demokratiet ikkje leverer varene.

Han peikar på meiningsmålingar som viste at både dei som røysta for og mot Brexit var systematisk feilinformerte om dei grunnleggjande fakta som var relevante for avgjerda, men dei som røysta for å forlata EU var mykje meir uinformerte enn dei som røysta for å bli.

– Det er eit fint, lettfatteleg døme på korleis informasjon formar politiske preferansar, og kvifor røysting med lite informasjon kan vera farleg, seier han.

Han legg til at sjølv om det kanskje ikkje får folk til å villa erstatta demokrati med ikkje-demokratiske system, fører det til likevel at fleire avviser folkerøystingar til fordel for representativt demokrati.

– Folk ser med eigne auge at å berre gjera som folket vil, har sine ulemper.

LES OGSÅ: Partia brenn for å utvide demokratiet. Korleis er dei slett ikkje einige om.

NRK Satiriks tullar med at røysteretten bør avgrensast for å unngå ein norsk Trump:


Oppdatert: tysdag 5. september 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE