Generasjonsfreden


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Skal du røysta ved stortingsvalet i år? Sannsynet for det kjem an på kor gamal du er:  Medan nesten ni av ti 60–79-åringar brukte røysteretten sin ved valet i 2013, gjorde i underkant av to tredelar av 18–25-åringane det same.

Ser ein derimot på kva folk røystar på, er det påfallande kor liten skilnad det er mellom unge og eldre. Ingen kan gjetta kva du røystar berre ut frå kor gamal du er. Det er ikkje sjølvsagt at det er slik.

Britisk kamp

Sjå berre til Storbritannia. I parlamentsvalet i juni fekk venstresidepartiet Labour over dobbelt så stor støtte blant veljarar under 25 som blant veljarar over 65; for det regjerande konservative partiet var det stikk motsett. Medan klassebakgrunn tradisjonelt har vore det viktigaste skiljet mellom veljarane til dei to store partia, har generasjon no blitt viktigare.

Jo yngre du er, jo større sjanse er det for at du røystar Labour; jo eldre du er, jo meir sannsynleg er det at du røystar konservativt. Auka valdeltaking blant dei unge gjorde at venstresida og Jeremy Corbyn nesten klarte å riva til seg statsministerposten frå konservative Theresa May.

Det same mønsteret såg me også i avrøystinga om britisk EU-medlemskap i 2016: Unge sa i overveldande grad ja til EU, medan dei eldre veljarane sikra fleirtalet for Brexit. Dette er teikn på ein urovekkjande generasjonskonflikt.

Norsk fred

Slik er det ikkje i Noreg. Her er det også forskjellar på kva parti unge og eldre stemmer på, men langt frå så store og utslagsgivande som i Storbritannia.

Eit døme: Dersom berre 18–29-åringane hadde hatt røysterett i 2013, ville SV, MDG, Venstre og Frp hatt fleire representantar på Stortinget enn dei har i dag, medan Ap, Sp, KrF og Høgre ville ha hatt færre. Dei partia som styrer i dag ville likevel ha fått fleirtal.

Høgre, Venstre, KrF og Frp fekk faktisk fleirtal i alle aldersgrupper, og Erna Solberg ville uansett ha blitt statsminister. Skilja var mykje større mellom kjønn og landsdelar enn mellom generasjonar (sjå SSB og Stortinget.no).

Resultata frå skulevala viser det same mønsteret, som Fredrik Solvang i NRK har poengtert. Sjølv om venstresida truleg vil få fleire røyster i årets skuleval etter fire år med Høgre og Frp i regjering, er det lite som tyder på at dette har endra seg vesentleg sidan 2013. Dei unge gjer ikkje opprør, og kjem ikkje til å skapa valsjokk.

Integrert i demokratiet

Kvifor er det slik? Til dels handlar det om at unge i Noreg har det betre enn i Storbritannia enn eit land som Storbritannia. Me har til dømes lågare ungdomsarbeidsløyse, og høgare utdanning er gratis.

Men truleg er det ikkje berre interesser som gjer at konfliktnivået mellom generasjonane er så lågt her heime. Det handlar også om at unge i Noreg er betre integrert i demokratiet, på tvers av partia.

Me har mange unge som er engasjerte, ikkje berre i kampanjar om enkeltsaker, men i ungdomsorganisasjonar som tar plass i demokratiet, stiller krav til partia og blir høyrte. Ungdom er òg representert i alle partia gjennom ungdomspartia, som rekrutterer unge medlemer og veljarar og påverkar politikken som partia fører. Ingen parti har råd til å ignorera unge.

Det har gitt praktiske resultat. Då den raudgrøne regjeringa med Ap, Sp og SV innførte gratis skulebøker i den vidaregåande skulen etter valsigeren i 2005, var det etter langvarig press frå ungdomspartia. Dagens regjering og samarbeidsparti med har på si side levert på krava om 11 månaders studiestøtte, fleire studentbustader og fleire helsesøstrer i skulen.

Nøgde med systemet

Medan store delar av dei unge i Storbritannia ønskjer eit systemskifte, er norske ungdomar i stor grad nøgde med det politiske systemet. I den grad dei ikkje er nøgde med politikken som blir ført, engasjerer dei seg heller innanfor systemet enn å kjempa mot det.

Det går an å sjå dette som teikn på ein veltilpassa og velfødd ungdomsgenerasjon utan visjonar for samfunnsomvelting. Mange har snakka om «generasjon alvor» og «generasjon lydig» som om det var noko veldig negativt, og drøymt om eit nytt ungdomsopprør à la 1968-generasjonen.

På den andre sida går det an å sjå den fråverande generasjonskonflikten som eit teikn på at det politiske systemet trass alt faktisk fungerer rimeleg bra, og at unge tar sjølvstendige og reflekterte val når dei brukar røysteretten.

Det er trass alt kjekkare å sjå positivt på det.