«Fingrane av opplæringslova – nei til skulegudstenester!»
– At elevar må velje mellom eigen identitet og det sosiale miljøet i klassa, kan ikkje aksepterast!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Torsdag 20. februar feirar vi verdas dag for sosial rettferd. Samstundes blir det ein viktig dag for menneskerettane til barn og unge i Noreg: Stortinget skal votere over to forslag som kan gå utover elevars grunnleggjande rettar.
Religionsfridom er ein menneskerett
Stortingsrepresentantane skal få servert to forslag: Eitt frå KrF om at alle skular skal tilby skulegudstenester, og eitt forslag frå Frp om at julegudstenester må forankrast i opplæringslova.
Vi i Humanistisk Ungdom er grunnleggjande imot begge forslaga. Religionsfridom er ein menneskerett, også for elevar i skulen. Vi kan ikkje tillate krenking av menneskerettane berre fordi det er koseleg med skulegudstenester. Skulen skal vere ein stad for læring, ikkje forkynning.

Skulegudstenester er grunnleggjande forkynnande

Ein skulle tru at innstillinga frå komiteen om å avvise begge forslaga var ein siger – det er det ikkje. Grunnlaget for innstillinga er at fleirtalet i komiteen meiner at forkynningsforbodet i opplæringslova ikkje står i vegen for skulegudstenester. Ikkje berre er dette pinleg flisespikkeri – det er også heilt feil!
Skulegudstenester er grunnleggjande forkynnande. Det er kyrkja sjølv samd i: På Den norske kyrkjas nettside står det at gudstenester er forkynnande aktivitet. Forkynnande praksis i skulen er forbode, sånn er det berre – same kva Udir og resten av dei folkevalde meiner.
Fører til utanforskap
Skulegudstenester fører til utanforskap: Elevar som er ikkje-religiøse eller har ei anna tru enn kristendom, må anten splittast frå klassa eller delta i eit forkynnande opplegg. Dette betyr at eleven anten må gå på akkord med sitt eige livssyn, eller delta på eit usosialt, lågareståande alternativt opplegg. At elevar må velje mellom eigen identitet og det sosiale miljøet i klassa, kan ikkje aksepterast!
Religionsfridom handlar ikkje berre om retten til å tru, men også om retten til fritak frå religiøse seremoniar. Barn og unges fridom må ikkje ofrast på kostnad av ønsket til andre om koselege juleavslutningar.
Då må stortingsrepresentantane høyre på oss: Fingrane av opplæringslova, bevar menneskerettane til elevane – nei til skulegudstenester!