Fem tips for å gjere valkampen leveleg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No er det så og så mange dagar att til stortingsvalet. Eg hugsar ikkje kor mange, men det er for mange. Det er viktig for demokratiet at flest mogleg tek stilling til dei politiske partia og røyster på det dei meiner er rett. Politikarane gjer alt dei kan for å få oss til å unngå det.

Imamsleiking. KrF-leiar Knut Arild Hareide vil ta K-en inn i valkampen. «Ikke KRLE-fagets K for kristendom, men den store K-en for hele samfunnet vårt.» Jonas Gahr Støre-emojis. Og lat oss ikkje gløyme pr-rådgjevarane som skreiv desse hyggjelege meldingane mellom Erna Solberg og Knut Arild Hareide.

Ungdomspartia er ikkje heilt gode heller. AUF er svært kritiske til Miljøpartiet dei grøne, sjølv om MDG ligg nærare AUF i olje- og miljøpolitikken enn det Arbeidarpartiet gjer. Senterungdomen samanlikna kommunesamanslåingar med valdtekt.

Om dette ikkje plagar deg, treng du ikkje lese vidare. Då vil du greie deg fint gjennom valkampen på eiga hand.

https://www.instagram.com/p/BUwNMpXBFtM/?taken-by=arbeiderpartiet

https://www.facebook.com/ernasolberg/posts/10155418771311832

Her er fem tips for å overleve:

1. Mute dei største partia i sosiale medium. Kanskje helst alle partia. Ungdomspartia òg. Og etternamnet til partileiarane. Men ver litt varsam. Mange heiter Jensen, til dømes, så kanskje det kan vere lurt å mute heile namnet «Siv Jensen» i det tilfellet. Kan ikkje risikere å gå glipp av siste nytt om Eirik Jensen. Er du veldig interessert i Petter Solberg, kanskje det er lurare å mute «Erna» i staden? Men eg trur Skei Grande og Lysbakken er namn ein kan mute utan å gå glipp av viktige nyheiter.

Twitter kan ein leggje inn orda ein ikkje vil sjå, og då slepp ein alle meldingar med dei orda. På Facebook er det litt verre, for der må du leggje til ei utviding i nettlesaren.

2. Les utanriksnyheiter om Donald Trump og Nord-Korea og tenk på at om han får halde på som han vil er det ikkje sikkert verda eksisterer når valdagen kjem.

3. Nyt resten av sommaren. Ta ein tur på fjellet, eller padl ein tur. Ta gjerne med telt, slik at du slepp å reise tilbake til soner utsett for epidemien av den smittsame zombiesjukdomen valkamp. Om du legg frå deg mobilen heime, kan du sleppe både sosiale medium og nettaviser. Då er det siste hinderet kioskar og butikkar som sel aviser. Best å halde seg unna dei òg.

4. Ta ein storbyferie i utlandet. Restplass og Momondo er nokre av dei mange tenestene som hjelper deg å finne rimelege prisar for å kome seg ut i verda. Der er det ingen som har høyrt om jomojies, men det er sjansar for at dei er opptekne av kommunereform. Du får berre håpe ingen nemner den gongen Jonas Gahr Støre gjorde eit pr-stunt om Fantasy Premier League.

5. Det viktigaste du kan gjere for å unngå valkampen er å gå og røyste før valdagen. Det kan du gjere anten på kommunehuset eller bodar sett opp i kommunen din. Sjå nettstaden til kommunen for å finne ut korleis.

Om du ikkje veit kva du skal røyste på, kan du gjere som politisk kommentator i Aftenposten, Frank Rossavik. Han har tidlegare fortalt om sin metode for å velje parti: Loddtrekning. Framgangsmåten hans har vore å velje ut dei minst håplause partia.

Då går ein inn i avlukket, vel ut dei aktuelle listene og brettar dei. Rossavik har fortalt at han brukar å vekte partia, altså at ein vel ut fleire lister frå nokre parti, for å auka sannsynet for å få dei.

Les ALT om stortingsvalet 2017 HER!