Brukte snømenn, brystmjølk og ein industrikjempe sitt siste pust. Det finst faktisk ikkje grenser for kva du kan få kjøpt på Internett.

Fjuken, lokalavisa for Skjåk, plukka nyleg opp annonsen frå "Bob", som har lagt ut meitemarken Kurt til sals på Finn.no. I annonsen listar han opp grunnane til at Kurt måtte bli lagt ut for sal.

– Dette er Kurt. Han er ein heilt vanleg meitemark. Må seljast på grunn av at han treng for mykje merksemd, og eg har ikkje moglegheit til å ta han med på jobb/skule, står det i annonsen.

For knappe 10 kroner får du altså kjøpt marken Kurt – det er uvisst om han har fått napp på annonsen så langt.

Han freistar og med markane Turi og Bernt på kjøpet – som kom til verda då Kurt vart delt i tre, så han skulle få vener.

Det er rett nok basert på ei seigliva myte om at meitemarken kan leva vidare som to individ om han blir delt i to – ei mye Illustrert Vitenskap avlivar."Bob" skal likevel få for humoren.

LES OGSÅ: Marken Kurt er til sals

Snomanntilsals

Denne snømannen vart solgt for 6000 kroner til slutt. Foto: Skjermdump

Ein brukt snømann
Ofte kan kreative annonsar rett og slett ta av, og spreia seg over heile verda. Det er trass alt litt av det praktiske med Internett, og av og til får det gode resultat.

Som til dømes då Arild Lihaug frå Bergen la ut ei enkel og absurd annonse. Han skulle selja ein brukt snømann– altså ei bøtte med vatn, eit par kvistar og ei gulrot – til inntekt for Stiftinga Veteranhjelp.

Den banale annonsen vart ein suksess, og enda med budkrig og reaksjonar frå heile Europa, skriv Bergens Tidende.

– Ja, dette er ein hyggeleg krig. Eg trudde eg skulle få eit par hundre kroner, sa Lihaug sjølv om budkrigen, som enda med 6000 kroner til Veteranhjelpen.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Papphylle

Denne heimelaga hylla vart lagt ut for salg i Sverige. Foto: Skjermdump

Heimelaga design
Det svenske svaret på finn.no heiter Blocket, og det er ikkje uvanleg å sjå kreative annonsar der heller. Nettsida Best of Blocketsamlar saman gullkorn blant svenske rubrikkannonsar, og dei er ikkje dårlegare i nabolandet enn her i Noreg.

Mellom anna blei eit «provisoriskt handgjort badrumsskåp» lagt ut for sal – laga av banankassar og teip, har skapet blitt noko vindskeivt etter bruk, og er lagt ut for sal.

Seljaren ønskjer sjølvsagt berre kontakt med seriøse kjøparar.

LES OGSÅ: Denne annonsen vart for drøy for Facebook

100 euro for amming
Om du ikkje har tilgang til naturleg morsmjølk når behovet skulle melda seg i Frankrike, kan du faktisk kjøpa det. På marknadsnettsida e-louse.com legg ein fransk sjukepleiar ut amming for sal.

Rett nok kan ho ikkje selja brystmjølka direkte – det er ulovleg i Frankrike.

– Det er ulovleg å selje morsmjølk i Frankrike, men dette er ein person som sel ei teneste, ikkje mjølk i flasker, seier Alexandre Woog, ein representant for nettstaden e-louse.

Sjukepleiaren sjølv er ikkje identifisert, men skreiv dette i ein mail til nyheitsselskapet Reuters:

– Eg har vorte kontakta av over eit dusin interesserte, men berre halvparten var seriøse. Resten var frå pervoar, skriv brukaren som vil amme for homofile.

LES OGSÅ: Sel ammetenester på nett

Koseproff

Foto: Skjermdump CNN

Kjøp litt kos
I den gata kan det og vera verd å hugsa på Samantha Hess frå Portland i USA, som har skapt ei karriere på å selja kos. Det er ikkje sex ho sel, men berre kroppskontakt for dei som går gjennom tunge periodar.

At det er ein marknad for å selja kos, uroar psykolog Jan Martin Berge.

– Kvifor skal me måtte betala for å ha kontakt med folk når me er fødd grunnleggande kontaktsøkande? Det er kanskje eit signal om at me burde vera rausare med kvarandre.

LES OGSÅ: Stilling: Profesjonell kosar

– Eg betalte nok meir enn eg burde
Musikaren Tom Waits har dei siste åra har tatt med ein historie på scena der han har gitt seg sjølv forbod mot å bruka eBay etter å ha kasta vekk pengane sine på ubrukelege ting.

Som til dømes «The last dying breath of Henry Ford» – fanga på ei Cola-flaske. Waits sjølv angrar likevel ikkje på kjøpet.

– Eg tykte ikkje det var ein feil, eg fekk berre beskjed om at det var ein feil, seier han i historia du kan høyra på live-albumet Glitter and Doom frå 2009.

– Eg betalte nok meir enn eg burde for den, men om du tenkjer over det, er det ei førsteutgåve. Det finst berre ein av dei, seier han vidare.

Tom Waits har òg kjøpt andre rare saker. I eit intervju med David Letterman i 2012 viser han fram denne rare mekanismen:

LES OGSÅ: Bli kvitt reklamen med denne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE