Lysbakken: – Dette er eit fantastisk resultat for SV

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV mest fram i skulevalet – Ap er desidert størst

– Dette er eit fantastisk resultat for SV. Me går sterkt fram frå 2015, og får nesten dobla oppslutnad frå sist stortingsval 2013, seier Audun Lysbakken.

SV-leiaren får med seg resultata frå årets skuleval på valvaka til Sosialistisk Ungdom (SU) i Oslo tysdag kveld. Etter to veker med skuledebattar har elevane på 392 vidaregåande skular over heile landet sagt si meining, og valet gir ein klar siger til venstresida.

SV går mest fram, med ein auke på 2,5 prosent frå 2015. Oppslutnaden på 10 prosent er det høgaste partiet har fått sidan 2009.

– Eg trur det handlar om ei veksande uro for urettferdig fordeling og miljø. Elevane er bekymra for aukande forskjellar og klimaendringar, og dei ser at dei store partia manglar svar på desse to store utfordringane, seier Lysbakken.

– Kjenner du deg trygg på at dette gir SV eit dytt i stortingsvalet?

Aktivistane i Sosialistisk Ungdom kunne sleppa jubelen laus då valresultatet blei kunngjort.

– Aller mest er dette SU sin triumf, som etter tøffe år med store utfordringar no har fått til eit kjempeløft. Men skulevalet pleier også å vera ein peikepinn på tendensane i stortingsvalet, og dette peikar mot eit godt val for SV, seier Lysbakken.

Med 27,8 prosent av elevane i ryggen er Arbeidarpartiet klart størst. Dei går likevel tilbake frå rekordvalet i 2015, då partiet fekk heile 31,9 prosent oppslutnad. Det er det høgaste noko parti har fått sidan skulevala starta i 1989.

SV er også langt unna sitt beste resultat, som kom i 2001. Då fekk partiet 23,5 prosent og var klart størst.

Ved sist stortingsval, i 2013, vann Høgre skulevalet for første gong med 28,2 prosent. Årets resultat er difor ein stor tilbakegang for partiet. 15,1 prosent er den lågaste oppslutnaden dei har fått sidan 2005.

Grunde Kreken Almeland i Unge Venstre er særleg nøgd med at partiet får 12,6 prosent i skulevalet i Oslo. Foto: UV

Frp gjer sitt dårlegaste skuleval nokon gong, med støtte frå berre 10,4 prosent av elevane.

Venstre, som har slitt på meiningsmålingane i heile år, kan på si side vera godt nøgde med å gå fram til 7,4 prosent sidan sist val.

– Det er det beste resultatet nokon sinne! Unge folk har skjønt at Venstre har løysingane for framtida, seier 1. nestleiar i Unge Venstre, Grunde Kreken Almeland i ein kommentar til Framtida.no.

TV2 har rekna på kor mange plassar dei ulike partia ville fått på Stortinget dersom skulevalet var eit stortingsval. Det gir Ap 57 mandat, Høgre 27, Frp 18, SV 18, Venstre 13, Sp 12, MDG 12, Raudt 10, MDG 10 og KrF 2. Dei tidlegare regjeringskameratane Ap, SV og Sp ville dermed hatt reint fleirtal.

Trendane i skulevalet er ofte eit teikn på korleis det går i det ekte valet. Politikarane har difor følgt spente med på kveldens resultat.

– Det seier heilt klart noko om stemninga og retning for valkampen, seier valforskar Johannes Bergh til NRK.no.

Saka blir oppdatert.

Resultat frå skulevalet 2017

Raudt: 5,7 (+1)

SV: 10 (+2,5)

Ap: 27,8 (-4)

Sp: 6,8 (+1)

MDG: 6,8 (0)

KrF: 3,1 (-0,1)

Venstre: 7,4 (+0,9)

Høgre: 15,1 (-1,2)

Frp: 10,4 (-0,3)

Andre: 6,9 (-4,9)

Endringar frå 2015.