Unge veljarar fryktar for norske verdiar
Over halvparten av førstegongsveljarane meiner politikarane må gjera meir for å sikra norsk kultur og norske verdiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ei undersøking Framtida.no har gjennomført blant 400 tredjeklassingar vidaregåande skular i Noreg, er det kring halvparten som seier seg heilt eller delvis einige i at norsk kultur og norske verdiar er trua, og at politikarane bør gjera meir for å sikra dei.
LES OGSÅ: Dette er dei viktigaste sakene for unge i stortingsvalet
Overraska av resultata
Malin Grindheim har vore med på laga spørsmåla til undersøkinga saman med Framtida.no og klassen hennar i sosiologi og sosialantropologi ved Stord vidaregåande skule.
Ho er overraska over at 27 prosent av førstegongsveljarane meiner det er viktig å ta vare på K-en i KRLE for å ta vare på den kristne kulturarven i Noreg.
– No har me ikkje statskyrkje lenger, så då synest eg det er rart. Alle religionar burde behandlast likt i RLE-faget, seier ho.
Les kva leiarane i ungdomspartia meiner om norske verdiar og identitet i valkampen!
Nikab-forbod
Noora Lindeflaten synest det er rart at 42 prosent av dei spurte er for eit forbod mot religiøse plagg som dekkjer ansiktet, men Henrik Hatlevik seier han skjønar det.
– Det er ikkje så lett å få tillit og kontakt med folk som dekkjer til ansiktet.
– Det står så mykje i media om terrorisme, at nok er dei som blir påverka av det, seier Viljar Engesund Smith.
– Det blir for dumt, seier Celine Huse, og får støtte frå Malin.
– Fleire bør bli kjent med personane bak hovudplagga, seier ho.
LES OGSÅ: Ideologi og verdiar trumfar enkeltsaker
Likestilling for seksuelle minoritetar
Heile 62 prosent av dei spurte er heilt eller delvis einige i at politikarane må gjera meir for å sikra at seksuelle minoritetar får like moglegheiter som andre.
Elevane trur kanskje eldre folk vil vera meir konservative i slike spørsmål, medan det for ungdom er heilt naturleg at homofile, lesbiske, bifile og trans får like rettar som alle andre.
LES OGSÅ: Vil ha trans* på timeplanen