Skule, helse og miljø er viktigaste sak for unge veljarar
Miljøpartia er vinnarane i ei ny meiningsmåling mellom førstegongsveljarar i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøpartia vinn valet blant unge veljarar
I ei undersøking Framtida.no har gjennomført blant 400 tredjeklassingar på vidaregåande skular i Noreg, scorar Venstre, MDG, KrF og SV klart betre enn dei gjer på dei nasjonale meiningsmålingane.
Frp og Høgre gjer det klart dårlegare enn dei nasjonale målingane.
36 prosent av dei som svarte, seier stortingsvalet vil påverka kvardagen til unge i stor eller svært stor grad. 46 prosent meiner stortingsvalet vil påverka kvardagen i nokon grad.
Elevar: – Overraskande resultat
Undersøkinga blei utforma i samarbeid med elevar i sosiologi og sosialantropologi ved Stord vidaregåande skule.
Der er elevane mest overraska over at skatt er så pass høgt oppe blant sakene som unge veljarar er opptatt av, medan sysselsetting er lågt nede på lista. Sjå liste nedst i saka!
– Det er jo viktig å ha ein jobb slik at ein kan betala skatt, påpeikar Viljar Engesund Smith, og viser til at Stord-samfunnet er avhengig av arbeid i hjørnesteinsbedrifta Kværner Stord.
Henrik Hatlevik er einig i at arbeidsplassar er viktig for unge. Han er for tida med på å starta opp Stord Unge Høgre, og er overraska over at Høgre ikkje gjer det betre på meiningsmålinga.
Ei forklaring til dette kan vera at den delen av førstegongsveljarane som er lærlingar eller av andre grunnar har slutta på skulen, ikkje er spurt. Unge menn med yrkesfagleg bakgrunn stemmer oftare på høgrepartia. I spørjeundersøkinga er det 61 prosent kvinner som har svart.
Mest påverka av media og foreldre
Klassen til lærar Ingunn Hansejordet er òg overraska over at foreldre er viktigare enn venner når det gjeld kven som påverkar ungdommane mest når dei skal stemma. 27 prosent av dei spurte svarar at foreldra påverkar mest, medan berre vel 8 prosent svarar at venner påverkar mest. 43 prosent svarar at media er viktigast.
I klassen for sosiologi og sosialantropologi er det over halvparten av elevane som les aviser kvar dag, og som har snakka saman med vennane sine om politikk den siste veka, men dei vedgår at det ikkje er sikkert at alle er like interesserte i politikk som dei.
Ønskjer meir informasjon om partia på skulen
Elevane kunne godt tenkt seg å ha meir om politikken til kvart parti på skulen, sjølv om dei sjølv er eitt år for unge til å stemma.
– Me lærer for lite om forskjellane mellom partia på skulen, seier Celine Huse.
– Me har hatt litt om historia til partia og ideologi, men lite om kva parti står for, seier Viljar Engesund Smith.
Malin Grindheim meiner partia bør lova mindre, og konsentrera seg om færre saker.
– Når dei lovar så mykje som dei gjer i dag, så klarar dei ikkje å halda det dei lovar når dei kjem på Stortinget, seier ho.
LES ALT OM STORTINGSVALET HER!
Desse sakene er viktigast for unge veljarar:
1 | Skule |
2 | Helse |
3 | Miljø |
4 | Skatt |
5 | Innvandring |
6 | Økonomisk politikk |
7 | Likestilling for alle seksuelle identitetar |
8 | Sysselsetting |
9 | Alkoholpolitikk |
10 | Feminisme |
11 | Religion |
Meiningsmåling mellom førstegongsveljarar
Raudt: 3,7 %
SV: 7,4 %
Ap: 29,2 %
Sp: 5,5 %
MDG: 8,2 %
KrF: 6,3 %
V: 9,2 %
H: 19,5 %
Frp: 8,4 %
Andre: 2,6 %