Høgre og Frp går kraftig tilbake i skulevala.

Svein Olav B. Langåker
Faktaboks
Raudt 4.8 +1.1
SV 7.5 +2.5
A 31.9 +8.9
SP 5.5 +1.3
MDG 6.7 +2.9
KrF 3.2 +0.4
V 6.5 -0.2
H 16.4 -11.8
FrP 10.5 -5.1
LES FAKTALUKK FAKTA

Resultatet frå skulevalet blei lagt fram klokka 20 tysdag kveld. Arbeidarpartiet fekk 31,9 prosent av stemmene, og gjorde med dette sitt beste skuleval sidan vala starta i 1989. Partiet gjekk fram 8,9 prosent sidan stortingsvalet 2013.

Miljøpartiet Dei Grøne gjer òg eit rekordresultat med 6,7 prosent av stemmene, fram 2,9 prosentpoeng.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

Høgre er største tapar i valet, og går tilbake 11,8 prosent – til 16,4 prosent.

Framstegspartiet gjer sitt dårlegaste skuleval nokon gong, og enda på 10,5 prosent.

190.000 elevar var med i skulevalet. Det er det høgaste talet nokon gong.

LES MEIR OM LOKALVALET HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

ANNONSE