Krev mindre trådlaus eksponering av born

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ekspertgruppe frå ANSES (sjå faktaboks) har vurdert litteratur og dokumentasjon frå heile verda for verknadane av elektromagnetiske bølgjer på born under seks år, og tilrår at desse ikkje får tilgang til digitalt utstyr i utstrekt grad.

Frankrike har tidlegare vedteke svært strenge lover mot eksponering for slik stråling. Wi-Fi er til dømes forbode i barnehagar og i barneskular, mobiltelefonar er forbode for dei under 6, og alle mobiltelefonar må seljast med hovudsett.

Elektromagnetiske bølgjer kan påverke kognitive funksjonar til svært små born, som minnet, merksemd, psykomotoriske ferdigheiter og språk, ettersom små hjernar og andre organ kan endrast langt lettare enn dei vaksne har. Det har òg vore påvist ei større eksponering av knoklemargen hjå born.

LES OGSÅ: Elevar misser konsentrasjonen og blir stressa av mobilen

Olivier Merckel, forskar for ANSES. Foto: ANSES.

– Born er ikkje miniatyrar av vaksne, seier Olivier Merckel, ansvarleg koordinator av rapporten.

– På grunn av den mindre størrelsen, deira anatomiske eigenskapar og enkelte karakteristika av deira vev, er dei meir utsett. Dei meir perifere områda av deres hjernen deira er særleg sårbare for stråling, langt meir enn tilsvarande område hjå vaksne.

ANSES rår difor til at alt kommunikasjonsutstyr med stråling (tablettar, trådlause telefonar, fjernbetjent leikety, trådlaust lekety, babyalarmar og overvakingsarmband, særleg til unge, er underlagt dei same krava som mobiltelefoner allereie har.

LES OGSÅ: Engelsk skule sluttar med mobiltelefonar

Foreldre har eit ansvar

Byrået gjer det klart at foreldre bør lære borna sine fornuftig bruk av mobiltelefonar og andre trådlause gjenstandar, og at alle land bør vurdere å senke maksverdiane for radiofrekvent stråling frå mobilmaster, tv-sendarar og liknande.

Plassering av slike gjenstandar i tett kontakt med kroppen, som i bukselommer eller rett mot øyret etc, bør òg unngåast for å hindre stråling.

Kjelde:  ANSES-rapport (fransk)

Fakta

Agence nationale de sécurité sanitaire de l’alimentation, de l’environnement et du travail (ANSES), er eit fransk statleg byrå som har ansvar for tryggleiken til mat, miljø og arbeidshøve.

Hovudkontoret ligg i Maisons-Alfort, Val de Marne, Île-de-France(rett ved Paris).

Kjelde: Wikipedia.