I natt starta feiringa av Slangens år i mange asiatiske land
Ved midnatt 29. januar ønska over 1,4 milliardar kinesarar det nye året velkommen.
Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
No er det Slangens år i Kina og mange andre land i Asia!
Det nye året blir markert fleire stader med rakettar, og i enkelte storbyar er det droneshow. Men først og fremst er den ei høgtid der familien er samla, og mange et betre måltid saman.
I Noreg startar alltid det nye året 1. januar, men i Kina er det månen si plassering som bestemmer kva tid det nye året startar. Det kan variere mellom 21. januar og 20. februar.
I fjor var det Drakens år som vart feira. Draken er eit symbol på makt, styrke og lykke. Mange ønskjer seg barn født i dette teiknet. No tek Slangen over – eit stjerneteikn som står for visdom, smidigheit og evna til å tilpassa seg.
Legenda om uhyret Nian
Ifølgje ei gamal legende er det uhyret Nian som er sjølve årsaka til at folk feirar nyttår. Kinesarane trudde nemleg at uhyret blir skremt av fargen raud og lyden av fyrverkeri.
I den gamle legenda er Nian eit skummelt uhyre som kan liste seg lydlaust inn i folk sine hus. Difor måtte menneska skremme han vekk, og det var denne skremminga med raud røyk, eksplosjonar og høge lydar som førte til den første feiringa av kinesisk nyttår.
● Les også: Feirar eit nytt år i februar