Avgangseksamen set heile Kina på vent

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 14.06.2017 23:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nasjonale prøva set heile Kina på vent. Sosiale media og offentlege nyhendestasjonar er fullt med diskusjonar om format og detaljer som kan kome på eksamen, og foreldre gjer det dei kan for å legge forholda til rette for barna sine under førebuinga. Trafikk og vegarbeid blir stoppa for å hindre støy og sikre trygg og effektiv veg til eksamenslokalet. I Beijing var nokon bussruter midlertidig endra for å unngå skuleområder der eksamen blei arrangert.

– Foreldra mine kutta all kontakt med meg den siste tida før prøva fordi dei var redd for å forstyrre lesinga mi, fortel Lin Qiu (20) frå den sørlige provinsen Guizhou. Ho tok eksamenen, som på mandarin heiter gaokao, for to år sidan. Då budde ho på internat, og var på skulen til klokka ni kvar kveld den siste tida før prøva. I dag studerer ho økonomi ved Nottingham universitetet i Ningbo, rett sør for Shanghai.

Lin Qiu (20) frå Guizhou, Kina. Foto: Privat.

– Nokon husstandar blir heilt snudd på hovudet under førebuinga til gaokao, fortsett Lin.

– Mange foreldre er redd for at barnet skal bli sjuk før eksamen, og passar ekstra godt på at dei spis og søv nok. Nokon gir til og med sovemedisin, og når barnet skal sove må resten av familien også leggje seg for å ikkje forstyrre.

Reformert i år

Gaokao blei først innført i 1952, men blei trekt tilbake under den kulturelle revolusjonen (1966-1976). I år er det 40 år sidan den tidlegare statsleiaren Deng Xiaoping valde å innføre gaokao på nytt. I samband med det var ei av oppgåvene i årets gaokao å skrive eit essay med overskrifta «Min gaokao» eller «Gaokao i mine auge» (se faktaboks).

Eksamensforma og innhald varierer frå provins til provins, men varar som oftast i ni timar spreidd over to dagar. Studentane blir testa i kinesisk litteratur, matematikk og engelsk, og heilt fram til i år har det i tillegg vore valfag innan enten samfunnsfag eller realfag.

I år er fyrste gong elevane blei testa på tre utvalde tema innan geografi, historie, biologi, fysikk og politikk. Den høgaste poengsummen er 750, og jo nærare studenten er å nå den, jo større er sjansen for at han eller ho får plass ved eit av prestisjeuniversiteta i Kina.

LES OGSÅ: Utdanningsdirektoratet beklagar eksamensglipp

Kvifor er gaokao så viktig?

Mange kinesiske studentar kallar gaokao for «skjebnens terskel» på grunn av den endelege karakteren som er avgjerande for framtidsutsiktane. Tidlegare har høgare utdanning alltid leda til jobb, men i følgje Kina-vitar Henrik Nykvist er dette under endring.

– Det er eigentleg eit paradoks; det er flust av ledige stillingar, men dei fleste er i industri, bygg og anlegg. Universitetsstudentar flest vil ikkje ha dei jobbane, seier Nykvist. Han har skrive masteroppgåve om utdanning og arbeidsløyse i Kina.

Henrik Nykvist. Foto: Privat

– Før i tida var framtida sikra om ein berre fekk ein høg nok poengsum på gaokao og kom inn på eit bra universitet. Men i dag er det meir arbeidsløyse og kamp om arbeidsplassane. Difor er inngangseksamen til masternivå, kalt kaoyan, etter kvart blitt like avgjerande som gaokao og presset blir dratt ut over fleire år,  forklarar Nykvist.  Men på same tid opnar kaoyan opp fleire dørar for dei som ikkje klarte seg like bra på gaokao. Studentar som ikkje kom inn på fyrstevalet på bachelorgrad, kan fortsatt score høgt på kaoyan og bli tatt opp til den mastergraden dei ynskjer.

Overbelastar elevane

Kina scora høgt på PISA undersøkinga frå 2015, der 15-åringer frå heile verda blei målt innan lesing, matematikk og naturfag. Men målinga viste også at kinesiske elevar opplevde i stor grad skulerelatert angst og var lite fornøgd med livssituasjonen.

– Dei fleste studentane eg snakka med meinte at gaokao likevel er ein rettferdig måte å styre universitetsopptaka, fortel Nykvist.

Chen Yuan er ueinig. Han har ei ti år gammal dotter, og er opptatt av at ho i tillegg til skule skal ha fritid og tid til leik.

– Mange kinesarar pleier å seie at med utdanning kan ikkje barna tape ved startstreken. Men eg har ikkje lyst å presse dottera mi til studere heile tida. Eg syntes det er viktigare å lære henne studievanar kor ho fortsatt kan ha eit sunt og lykkeleg sinn, fortel han. Chen er ikkje aleine. Ifølgje Nykvist er det fleire og fleire foreldre som ikkje ynskjer å utsette barna for stresset som følgjer med gaokao.

– Dei som har råd til det sender heller barna til amerikanske eller europeiske universitet, seier han.

FÅ OGSÅ MED DEG: Denne studenten blei nekta eksamen på nynorsk

Under emneknaggen #heiagaokao skriv ein Weibo bruker (kinesisk sosialt medium, journ.anm) «Når du kjem springande ut frå eksamenslokalet, har du ingen aning kor glade alle dei ukjente menneska rundt deg er på dine vegne».

Utvalte eksamensoppgåver frå årets gaokao

  • «’One Belt One Road‘, panda, den kinesiske mur, kinesisk mat, Beijing opera, luftforureining, vakre landsbygder, matsikkerheit, høghastigheitstog. Vel tre av desse emna og skriv ein tekst kor du forklarar fenomena for ein utanlandsk ungdom som har komen til Kina som utvekslingsstudent.»

 

  • «Ein forfattar har sagt ‘Mennesket må lese tre bøker; ei med teikn, ei utan teikn, og ei om livet.’ Kva betyr dette for deg? Skriv ein tekst kor du kommenterer forfattarens tankegang.»

 

  • «I år er det 40 år sidan gaokao blei innført på nytt. Året 1977 markerte eit vendepunkt i den moderne era. I dag sit du saman med millionar av andre elevar og jobbar hardt med gaokao. Skriv ein tekst med overskrifta «Min gaokao» eller «Gaokao i mine auge».