– Verdidebatten blir fort eit skalkeskjul for å diskutera innvandring

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang. Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Tord Hustveit, leiar i Unge Venstre, svarar slik på spørsmålet:

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Ja, det finst noko sånt som norske verdiar, men i ein debatt om verdiar er det viktig å ha med seg at dei alltid har vore i endring. Me har alltid tatt til oss impulsar utanfrå og gjort det til noko eige. Spørsmålet bør heller vera kva for verdiar det er viktig å ta vare på på. Då er ikkje det viktigaste å ha ein K i KRLE eller at alle skal eta vaflar, men at me vernar om viktige verdiar som ytringsfridom, tillit til kvarandre og at me er eit samfunn med plass til mangfald.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Noko av det eg fryktar mest er at me er i ferd med å bli eit hardare samfunn og som ein konsekvens av det at det blir vanskeleg å finna gode politiske løysingar. Det har tent Noreg godt at me har hatt ein tradisjon for å finna konsensusløysingar. Særleg på innvandrings- og integreringsfeltet er det ein tendens til at debatten hardnar til og eg fryktar det skal føra til dårlegare integrering og at Noreg ikkje lengre tar sin del av ansvaret for dei som er på flukt.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Debatten om Noregs plass i verda og kva det vil seia å vera norsk har gått denne sommaren og eg trur det er ein av dei vanskelegaste. Fordi det er ein vanskeleg debatt og fordi debatten fort blir eit skalkeskjul for å diskutera innvandring. Det er fruktbart å diskutera kva for verdiar som er kjernen i samfunnet og som vi må ta vare på, men å hoppa derfrå og til å diskutera innvandring får oss ingen stader.

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– Det er eit godt spørsmål. Eg har eit inntrykk av at verdidebattane denne sommaren har handla om mange ulike verdiar. Noko har handla om viktige verdiar som grensa for ytringsfridom, medan andre har handla om meir trivielle ting som strengt tatt er tradisjonar nokon freistar å løfta opp til å bli ein fellesverdi.

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Verdiar handlar om kva slag samfunn me skal ha i framtida og eg opplever at mange unge er oppteken av at me enno skal vera eit samfunn med rom til at me er ulike, at me skal ta vare på miljøet og dei svakaste i samfunnet. Eg trur difor mange unge er opptatt av verdiar når dei skal røysta til hausten.

Les kva leiaren i KrFU svara her!