Ideologi og verdiar trumfar enkeltsaker
Veljarar på tvers av det politiske spekteret setter verdiar og ideologi høgare enn enkeltsaker når dei vel parti. Veljarane til Dei Grøne er mest ideologiske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heile 89 prosent av veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne seier ideologi og verdiar er viktigast i val av parti, mens berre 7 prosent har enkeltsaker i høgsetet, viser Ipsos’ politiske barometer, som blir presentert i Vårt Land. SV-veljarane har tydelege fellestrekk med MDG-folket: 84 prosent setter ideologi øvst, mens berre 4 prosent synest enkeltsaker er viktigast når dei skal velje.
LES OGSÅ: Halvparten vil ha ein meir miljøvennleg ferie
Også blant dei som stemmer Raudt, KrF, Ap og Venstre er det eit fleirtal som seier ideologi er viktigast, høvesvis 73, 69, 56 og 56 prosent. 47 prosent av Høgre-veljarane seier det same, mens delen blant Sps og Frps veljarar er høvesvis 40 og 35 prosent.
– Veldig enkelt sagt handlar dette om at folk rett og slett er opptatt av kva eit parti står for og at det er vesentleg viktigare enn nesten alle ting ein kan knytte til partiet, seier valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU. Han påpeiker også at valkampen i år ikkje har vore veldig konsentrert om enkeltsaker.
– Då vil mange framheve prinsipp og verdiar som viktig.
Dei mest «saksorienterte» veljarane er det Sp og Frp som har. 31 prosent av Sp-veljarane og 29 prosent av Frp-veljarane seier enkeltsaker er viktigast. Også veljarane til Raudt er nesten like opptatt av enkeltsaker – 27 prosent seier det er viktigast.
FÅ OGSÅ MED DEG: Fleire unge er opptatt av likestilling