SU-leiar: – Svært få av verdiane våre er truga

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang. Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Andrea Sjøvoll, leiar i Sosialistisk Ungdom, svarar slik:

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Ja, det gjera det. Kvar dei kjem frå er jo litt vanskeleg å svara på, men eg trur det er noko me til kvar og ei tid blir samde om som samfunn. Fordi det er noko ein som samfunn er samde om er ikkje «norske verdiar» små ting som brunost på brødskiva, men større verdiar som menneskeverd og solidaritet.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Eg meiner svært få av verdiane våre i dag er truga. Viss det er nokon som trugar verdiane våre så er det nazistar som går i gatene våre og meiner me skal 50 år tilbake når det gjeld rettane til kvinner, minoritetar og homofile. Viss me lèt dei høyreekstreme rørslene veksa vil me møta utfordringar knytt dei verdiane me som samfunn står for.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Dei fleste ting burde ikkje vore spesielt vanskeleg. Det personlege er politisk, og viss kvinner blir utnytta eller homofile møter hatkriminalitet, anten det er i heimen eller i det offentlege rom, skal me stå på mot det hatet. Problemet med debatten i dag er at høgresida får lov til å styra den, og får debatten om norske verdiar til å handla om innvandring. Det er vanskeleg å delta i debatten med det premisset, for det er eit premiss eg meiner er heilt feil.

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– For meg handlar ofte konfliktane om retten til å vera den du vil, uavhengig av kjønn, religion, hudfarge eller storleiken på lommeboka. Og det er ein rett eg er villig til å kjempa for mot alle som trugar ho!

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Eg trur det kjem til å bli viktig. Men eg trur ein del ungdom ikkje meiner at å dusja etter gymmen eller eta brunost er viktige verdiar, difor må me slutta å snakka om det på den måten. Me må snakka om kva for samfunn me vil ha, der alle kan få plass til å vera den dei er. Men aller viktigast trur eg det er at me snakkar om korleis me vil ta tak i problema dei møter i kvardagen sin.