Rekordmange elevar fullfører vidaregåande
73 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2011, har fullført og bestått innan fem år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talet er det høgste sidan målingane starta for 17 år sidan, opplyser Utdanningsdirektoratet.
Delen elevar som fullfører innan fem år har lenge lege stabilt mellom 67 og 71 prosent. Dei siste åra har delen som fullfører innan fem år, auka noko. For elevane som starta i 2011, var auken på 0,3 prosentpoeng frå året før.
LES OGSÅ: Lærarar fuskar med fråværet for å hjelpa elevar
Færrast i Finnmark
Det er positiv utvikling i alle fylke. Flest fullfører og består i Akershus med 78 prosent. Færrast fullfører i Finnmark, med 63 prosent.
Det nordlegaste fylket i Noreg har likevel hatt ei svært god utvikling i delen som gjennomfører dei siste åra. Delen har auka med 14 prosentpoeng sidan 2006-kullet.
Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at forskjellane mellom skulane rundt om i landet fell. Forskjellen mellom fylket med høgast gjennomføring og fylket med lågast gjennomføring har sokke frå 27 til 15 prosentpoeng mellom 2006-kullet og 2011-kullet.
Yrkesfagleg
Det er framleis forholdsvis store forskjellar mellom elevane som har tatt studieførebuande studieprogram, og dei som har tatt yrkesfaglege. 86 prosent av elevane som tok studieførebuande, hadde bestått vidaregåande innan fem år, mens talet var 59 for dei yrkesfaglege studieprogramma.
Også innanfor denne gruppa sprikjer det. For dei yrkesfaglege programma markerer ytterpunkta med 45 prosent som fullfører og består blant elevane på restaurant- og matfag, og 81 prosent på medium og kommunikasjon.
FÅ OGSÅ MED DEG: Raudt vil fjerna eksamen