Raud Ungdom gler seg over at moderpartiet vil gå til val på å erstatte slutteksamen med mappevurdering.

mm

I helga gjennomførte Raudt sitt landsmøte, der kamp mot forskjells-Noreg vart den viktigaste saka for den komande valkampen.

For Raud Ungdom er det særleg vedtaka om skulekvardagen som gleder, og Raudt vedtok mellom anna at elevar som er meldt opp til privatisteksamen skal ha rett på stipend og lån frå lånekassen, slik at gratisprinsippet gjeld heile skulesystemet, også privatisteksamen.

I dag er reglane til Lånekassen at du må ha opptak ved ein skule eller vere student ved ein lærestad (Sonans, Akademiet, Bjørknes eller andre) for å kvalifisere til stipend. Tek du fag på eigahand har du ikkje rett til støtte frå Lånekassen.

Skal ikkje koste ein formue
– No ser vi kor mange som ikkje får vurdering i fag på grunn av den nye fråværsgrensa, og då er det viktig at Rødt har ein god politikk for å fange opp dei som fell utanfor, skriv generalsekretær i Raud Ungdom, Anja Ariel Tørnes Brekke i ein epost til Framtida.no.

– Det er viktig at dei som droppar ut av skulen kan få ein ny sjanse, og at det ikkje skal koste ein formue, seier ho.

Brekke trekk også fram at ungdomspartiet er nøgde med at Raudt vedtok å erstatte slutteksamen med ei heilheitleg mappevurdering, samt moglegheiten for å vurdere alternative vurderingsmetoder til privatisteksamen, som til dømes semesteroppgåve eller heimeeksamen.

Vil ha Rødt på Tinget
Ungdomspartiet har som mål å bidra til at Raudt kjem inn på Stortinget til hausten.

– For å få ungdommen med oss på laget skal vi snakke om ein mer rettferdig og utjamnande skule, og kampen mot forskjells-Noreg, seier Brekke.

Ho vil at partiet skal vere ei motvekt til høgresida, der ho meiner velferd vert satt opp mot innvandring.

– Vi vil at ungdom skal sjå på oss som eit alternativ til høgrepolitikken. Fordi fellesskap funkar!

Raudt går framleis inn for å fjerne kontantstøtta, og har nye krav for å regulere arbeidsinnvandring. Landsmøtet vedtok også å utvide retten til sjølvbestemt abort fram til veke 18, innføre eit tredje juridisk kjønn, samt å «avkriminalisere besittelse av brukerdoser av narkotiske stoffer etter modell fra Portugal».

LES OGSÅ: Unge Venstre vil kutta eit år i skulen


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

Kommentarar

ANNONSE